DS «Pollux» (1907)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
DS Pollux (1907).jpg
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Pollux»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Fevigs Jernskibsbyggeri i Grimstad
Byggekostnad: 331 976 kr[1]
Verftsnummer: 65
Jomfrutur: November 1907
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: MDRC
Lagnad: Torpedert 1917
Generelle mål
Tonnasje: 1 196 brt, 690 nrt
Daudvekt: 1 450 tdw.
Lengd: 68,6 m
Breidd: 9,7 m
Djupgang: 4,9 m
Installert effekt : 750 iHk, 142 nHk
Framdrift: Triple 3 cyl. ekspansjon dampmaskin (Laxevaag M&JSB, Bergen)
Fart: 10,5 knop
Passasjerar: 30 passasjerar

DS «Pollux» (kallesignal MDRC) var eit dampskip levert i november 1907 som passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS). ¨

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygd ved Fevigs Jernskibsbyggeri i Grimstad og levert til BDS i november 1907 for ein kostnad på 331 976 kr.[1]

I 1914 vart skipet ombygd i Stavanger for å ta meir passasjerar før det var sett inn i ruta på Island.

18. mars 1917 vart skipet torpedert i Nordsjøen ved 57° 55'N, 1° 10'W utan førevarsel av den tyske ubåten «UC 45» med kapteinløytnant Hubert Aust. «Pollux» var på veg til Newcastle upon Tyne frå Bergen med sulfat, stykkgods og passasjerar. Åtte passjerar og åtte av mannskapet omkom, mellom anna direktørr Rolf Whist frå Norske Lloyd. Fem av dei omkomne var krigsforliste som var på veg heim.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 196 bruttoregistertonn og 690 nettoregistertonn og lasteevna var 1 450 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 095  før ombygginga og 1 719  etter ombygginga. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Laxevaag verft. Oppgjeven yting var 750 iHk (indikerte hestekrefter) og 142 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10,5 knop.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «D/S Pollux». Sjøhistorie.no. Henta 26. desember 2019.