MS «Delfinus» (1948)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Delfinus»
Eigar: Det Bergenske Dampskipsselskap
Verft: Bergens Mekaniske Verksted, Bergen
Verftsnummer: 379
Jomfrutur: April 1948
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LNDY
Lagnad: uvisst
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 1 335 brt, 702 nrt
Daudvekt: 1 970 tdw.
Lengd: 76,8 m (252,0 fot)
Breidd: 12,3 m (40,2 fot)
Djupgang: 4,3 m (14,0 fot)
Installert effekt : BHK 1100 NHK 292
Framdrift: Sulzer
Fart: 12
Passasjerar: 8-10 passasjerar
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Fanafjord»
Eigar: Ocean Transport & Co
Kjøpt: Februar 1970
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Panama.svg Panama
Namn: MS «San Jose»
Eigar: Balboa Nav. Lines SA.
Kjøpt: Desember 1971
Heimehamn: Panama by
Karriere Flag of the Philippines.svg Filippinane
Namn: MS «Leon»
Eigar: MD Shipping Corp.
Kjøpt: 1975
Heimehamn: Manila

MS «Delfinus» (kallesignal LNDY) var eit motorskip bygt i 1948 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskap (BDS). Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen, her det latinske namnet på stjernebiletet Delfinen. Det var det andre av to båtar under BDS med dette namnet etter DS «Delfinus» som krigsforliste i 1940.

Skipet gjekk i Nederlandsruta til BDS i lag med systerskipet MS «Arcturus».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Bergens Mekaniske Verksted i Bergen.[1]og vart levert i april 1948.[2]

Skipet skulle inn i ruta til Rotterdam, Amsterdam og Antwerpen frå Trondheim, Bergen og Stavanger i lag med systerskipet «Arcturus», men etter prøveturen på Byfjorden gjekk jomfruturen til Haugesund for å laste 11 000 tønner saltsild til Lübeck.[3] Det hadde eit par turar til til Tyskland, før det 25. juni starta i ruta til Nederland. Stundom, som i februar 1949, gjekk turen til Nederland via England, og stundom segla det òg noko vidare sørover til vestkysten av Frankrike.

28. september 1948 rørte «Delfinus» så vidt botnen i Vatlestraumen under oppseglinga til Bergen då styremaskinen slo klikk. Skipet kunne derimot fortsette til Trondheim og tilbake til Nederland, før skipet fekk ein kort reparasjon.[4]

6. oktober 1954 gjekk «Delfinus» på grunn ved Måløy på veg til Nederland. Skipet gjekk på ved lågvatn og vart ståande høgt på land. Skipet var likevel tilsynelatande tett. Bergingsdamperen «Draugen» vart tilkalla for å assistere frå Ålesund, men klarte ikkje å dra av skipet ved flo sjø.[5] Etter at bergingsbåten «Uller» òg kom til, fekk dei dratt skipet av grunnen, etter at ein del av lasta, som mellom anna bestod av cellulosemasse, vart lossa over på ein lekter. Skipet vart dykkarundersøkt og det vart oppdaga ein skade midtskips og ein liten lekkasje i ein av tankane.[6]

16. desember 1957 kolliderte «Delfinus» med to mindre fartøy då det skulle legge til kai ved Farsund. Skipet hadde fått klarsignal om at alle småbåtar var borte frå kaien, men då skipet nærma seg viste det seg at dette likevel ikkje var tilfelle. Sundet var for smalt til å manøvrere i, så «Delfinus» hadde ikkje anna val enn å halde fram framover og slå full akter på maskinen. Skipet råka dei to mindre båtane, mellom anna akter då skipet bakka inn i sementkaien. Dei to småbåtane fekk ein heil del skade.[7]

11. april 1962 gjekk «Delfinus» i dokk ved Bergen Mekaniske Verksted for å forlengast med 14 fot. Det vart delt i to like framom overbygget og fekk ny kjøleseksjon.[8] Det skulle stå klart i juli same året, men natt til 7. juni vart det råka av ein kraftig brann midtskips. Brannen var særskild kraftig i overgangen mellom førre og akter lasterom, som var isolert med kork.[9] Det vart trudd at gnistar frå sveising frå tidlegare på dagen hadde lege og ulma fram til det tok fyr.[10] Først i midten av september 1962 var skipet klart att, og gjekk frå no av i ruta mellom Trondheim og Hamburg.

Natt til 20. desember 1963 dreiv «Delfinus» inn i kaien i Ålesund og fekk ein del skadar på skroget. Det kunne derimot halde fram mot Hamburg og vart sidan reparert i Bergen.[11]

8. juli 1965 kolliderte «Delfinus» ved Rongevær i Fedjefjorden med fraktebåten MS «Brettingen» frå Kristiansund i tett tåke. «Brettingen» var lasta med kvarts på veg til Mo i Rana og fekk store skadar. Nær klokka fem om morgonen såg dei to fartøya kvarandre på radaren og at dei var på kollisjonskurs. «Brettingen» endra kurs nokre grader mot styrbord og gav halv fart. Det vart plassert ut utkikk på bakken, og då konturane av «Delfinus» vart oppdaga endra det kurs ytterlegare og sette fulle fart for å kome framom «Delfinus», samstundes som «Delfinus» gav full fart akterover, men kollisjonen var ikkje til å unngå og «Brettingen» vart råka like framom styrhuset. Frå maskinen vart det meldt at det tok inn vatn og då ein ikkje kunne sjå kor stor skaden var frå dekk, gjekk alle mann i livbåten. Dei fekk kontrollert skaden frå sjøen og kom fram til at det ikkje var så alvorleg, så mannskapet gjekk igjen ombord. Lekkasjen vart stoppa med tvist og margarin, og «Brettingen» gjekk inn til Sildevågen på Fedje.[12] Det vart slept til Bergen med MS «Achilles». «Delfinus» slapp uskadd frå kollisjonen og kunne halde fram turen til Trondheim.[13] I februar 1968 var det rettssak om kollisjonen og Backers Rederi, som eigde «Brettingen», kravde 169 000 kr i erstatning av BDS. «Delfinus» vart i retten dømt til å ha 2/3 av skulda for kollisjonen og BDS måtte betale 174 839 kroner i erstatning.[14]

Frå 4. oktober 1967 vart «Delfinus» sett attende i 14-dagleg rute til Rotterdam og Amsterdam, som året etter vart ei hyppigare rute samordna med London-ruta. Sommaren 1969 var skipet attende i ruta til Hamburg, der det gjekk fram til februar 1970.

12. februar 1970 vart skipet selt til A/S Ocean Transport & Co (Chr. Dale og Per Hysing Dahl) i Bergen og fekk namnet «Fanafjord». Skipet gjekk inn i den nyoppretta linja til Ocean Transport mellom Japan og Micronesia. Linjefarten her var eit samarbeid med Marine Chartering Co. Inc. i USA som stod for all transport til Micronesia i høve ein avtale med The Government of the Trust Territory of the Pacific Islands.[15]

Nesten to år seinare, i desember 1971, vart det selt til Balboa Nav. Lines SA. i Panama og vart omdøypt «San Jose». I 1975 fekk skipet nye eigarar igjen i ManilaFilippinane og namnet «Leon». Den vidare lagnaden til skipet er ukjend. I 1988 var det utgått frå registeret til Lloyds.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 335 brt, 702 nrt og lasteevna var 1 970 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 3 059  og av dette var 571 m³ kjølerom. Hovudmaskinen var ein dieselmotor, levert av Sulzer. Oppgjeven yting var NHK 1100 bHk (bremsande hestekrefter) og 292 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 12 knop.[1]

I 1951 fekk skipet innsett radar. I september 1962 vart skipet forlenga med 12 fot ved Bergen Mekaniske Verksted og fekk dei nye måla på 1 980 dwt, 1 466 brt og 791 nrt.

Skipet hadde plass til 8-10 passasjerar.[16]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 {cite web|url=https://www.sjohistorie.no/no/skip/7041/ |tittel=M/S Delfinus|publisher=Sjøhistorie.no|access-date = 10. juli 2022}
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 2». Skipet. Nr. 2 (Rådal: Skipet). Volum 14: 36. Henta 10. juli 2022. 
  3. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 14. april 1948. s. 2. Henta 10. juli 2022. 
  4. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 29. september 1948. s. 2. Henta 10. juli 2022. 
  5. ««Delfinus» gått på land». Bergen: Bergens Tidende. 7. oktober 1954. s. 6. Henta 10. juli 2022. 
  6. ««Delfinus» trukket flott og er på vei til Bergen». Bergen: Bergens Tidende. 8. oktober 1954. s. 2. Henta 10. juli 2022. 
  7. «Da «Delfinus» kolliderte ved Farsund». Bergen: Bergens Tidende. 15. januar 1958. s. 10. Henta 10. juli 2022. 
  8. ««Delfinus» får nytt midtparti». Bergen: Bergens Tidende. 18. april 1962. s. 8. Henta 10. juli 2022. 
  9. «BDS' «Delfinus» herjet av voldsom brann på Laksevåg». Bergen: Bergens Tidende. 7. juni 1962. s. 1. Henta 10. juli 2022. 
  10. «Gnister skyld i brannen ombord i «Delfinus»?». Bergen: Bergens Tidende. 8. juni 1962. s. 2. Henta 10. juli 2022. 
  11. «To av Bergenskes skip drev på kai». Bergen: Bergens Tidende. 21. desember 1963. s. 5. Henta 10. juli 2022. 
  12. «Kollisjon i tåken». Bergen: Bergens Tidende. 15. juli 1965. s. 8. Henta 10. juli 2022. 
  13. ««Brettingen» fikk store skader ved kollisjon». Bergen: Bergens Tidende. 9. juli 1965. s. 1. Henta 10. juli 2022. 
  14. «Størst skyld på «Delfinus» ved kollisjon med «Brettingen»». Bergen: Bergens Tidende. 23. februar 1968. s. 24. Henta 11. juli 2022. 
  15. «Bergensrederi inn i linjefart mellom Japan-Micronesiaøyene». Bergen: Bergens Tidende. 16. februar 1970. s. 13. Henta 11. juli 2022. 
  16. «Bergenskes «Delfinus» oppnådde 12,8 knop på prøveturen». Bergen: Bergens Tidende. 15. april 1948. s. 3. Henta 10. juli 2022.