DS «Columba» (1929)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
DS "Columba" - Telemark politikammer vol.1 - 44.jpg
DS «Columba» under andre verdskrigen.
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Columba»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Bergen Mekaniske Verksted i Bergen
Byggekostnad: 565 667 kr[1]
Verftsnummer: 210
Sjøsett: 5. oktober 1929
Jomfrutur: november 1929
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LHQN - LDLK
Lagnad: Opphogd 1965
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 1 126 brt, 587 nrt
Daudvekt: 1 550 tdw.
Lengd: 235,3 fot (71,7 m)
Breidd: 34,2 fot (10,4 m)
Djupgang: 14,1 fot (4,3 m)
Installert effekt : NHK 180 IHK 900
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (BMV)
Fart: 10,5 knop
Passasjerar: 4 passasjerar
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Henry Vang»
Eigar: Henry & Vangs Rederi, frå 1964 Vangs Rederi
Kjøpt: August 1955
Heimehamn: Haugesund
Karriere Flag of Panama.svg Panama
Namn: DS «Ismini»
Eigar: Maralianza Cia. Nav. S.A.
Kjøpt: Januar 1965
Heimehamn: Panama
Lagnad: Forlist september 1965

DS «Columba» (kallesignal LHQN - LDLK) var eit dampskip bygt i 1929 som passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Columba er det latinske namnet på stjernebiletet Dua.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Bergen Mekaniske Verksted i Bergen og kosta litt over ein halv million kroner[1] då det vart levert i november 1929.[2] Systerskipet DS «Vela» vart levert frå same verftet ikkje lenge tidleg i 1930. «Columba» gjekk av stabelen og vart sjøsett 5. oktober 1929.

Antwerpenruta[endre | endre wikiteksten]

Skipet gjekk inn i ruta til Antwerpen. Den første prøveturen vart utført 14. november 1929 og to dagar seinare gjekk skipet til Trondheim for å gå inn i ruta si.[3] 7. desember kom skipet attende til Bergen etter å ha vore i Antwerpen første gongen.

I oktober 1936 grunnstøytte «Columba» på veg nordover og måtte ut av ruta ei stund for reparasjon i Bergen.[4] Kapteinen, førstestyrmannen og ein rormann var på brua då skipet skulle gå gjennom sundet Det Naue på austsida av Meland nær Herdla. Då ein skulle passere mellom Parisholmen og ein bøye vart det gjeve babord ror, men skipet lystra ikkje og drog framleis mot styrbord. Dermed råka dei grunnen fleire gonger og slo stopp i maskinen. Ein undersøkte om det var lekkasje, men kunne ikkje finne noko og segla vidare til Florø. Her vart det derimot funne vatn i ein av tankane, som hadde lekt kring to tommar i timen. Ein annan tank var òg byrja å trekke vatn. Kapteinen meinte at grunnstøytinga anten skjedde fordi styremaskinen ikkje responderte så kjapt som han pleidde å gjere, eller at det var sterk straum i farvatnet. Seinare undersøkingar viste at det var oppstått luftblærer i glycerinleidninga og at dette kan ha vore årsaka til at styremaskinen ikkje oppførte seg som han skulle.[5]

Skipet gjekk i Antwerpenruta i lag med systerskipet «Vela» gjennom heile 1930-åra, men rapportane i avisene stoppar opp 12. september, etter at andre verdskrigen braut ut.

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

I februar 1940 segla «Columba» i konvoi HN 12 over Nordsjøen frå Noreg til Storbritannia. Ein kjenner elles lite til krigshistoria til «Columba», bortsett frå at det hamna i Heimeflåten. I 1940 skal det ha blitt angripe med maskingeværeld og bomba frå britiske fly.[1]

7. oktober 1941 vart skipet rekvirert av tyskarane, men levert attende 12. desember 1941. I februar 1944 deltok det i ein tysk konvoi der «Anna Sofie» gjekk på grunn.[6] I 17. april 1945 kolliderte «Columba» med ein tysk dampar i Bømlafjorden. «Columba» var lasta med 1 076 tonn levnetsmidlar og fôrcellulose. Det var disig vêr med til dels tåke og skipet hadde utkikk på bakken gåande med varierande fart. Brått høyrde dei ein smell framme og forstod at det var eit anna skip som hadde gått på land. «Columba» kom like bak og klarte ikkje å unngå ein samanstøyt med det tyske fartøyet. «Columba» fekk ein del skade, men ikkje verre enn at dei kunne halde fram mot Bergen. Lasta vart ikkje skadd.[7]

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

I mai 1945 var «Columba» blant dei første skipa som henta forsyningar i Oslo for Nord-Noreg.[6] I juni var det i Danmark etter poteter. Det hadde òg turar til Frankrike og Storbritannia utover 1945.

I mars 1946 gjekk skipet igjen inn i Antwerpenruta mellom Trondheim, Bergen og Antwerpen i lag med DS «Cygnus» og DS «Neptun». I 1948-1949 vart denne linja teken over av dei nybygde MS «Lynx» og MS «Leo». Den siste faste turen i Antwerpenruta gjorde «Columba» i slutten av mai 1948 og vart mellombels erstatta av nye MS «Diana».[8] Etter å ha vore i slippen for ei overhaling gjekk skipet inn i ruta til Vest-England i september 1948, som stundom òg hadde stopp i Antwerpen på vegen. Hausten 1949 var det attende i Vest-Englandruta og i januar 1950 var det vikar i Antwerpenruta, men gjekk resten av året til Hamburg, Vest-England og ilgodsruta mellom Oslo og Tromsø, og i september igjen til Antwerpen. I 1951 vart det turar til Frankrike, Hamburg, Finland og Austersjøen, før det i september og ut året gjekk fast i Hamburgruta.

31. desember 1951 dreiv i ein storm i Vibrandsøysund i hamna i Haugesund. Det var komen frå Hamburg og heldt på å gå rundt Garpeskjærkaien for å gå inn i Smedasundet, der det mista styringa og vart ståande fast mellom Skagen og Staalehuset på Hasseløya. Beringsfartøyet «Olav Østensjø Jr.» og taubåten «Tor» fekk dratt det av grunna og taua det til Indre Kai i Smedasundet. Dykkarar inspiserte skipet og fann skadar på propellen.[6] Det vart reparert på Haugesund Slip A/S og kom i teneste att 2. januar 1952. Frå 1952 fortsette det å veksle mellom forskjellige ruter, og gjekk mykje til Austersjøen i 1952, med enkelte turar til Frankrike, London, Antwerpen, Tromsø og Vest-England, og seinare mykje til Frankrike og Antwerpen.

Henry & Vangs Rederi[endre | endre wikiteksten]

I august 1955 vart «Columba» kjøpt av D/S A/S Henry & Vangs Rederi A/S i Haugesund og omdøypt «Henry Vang». Skipet gjekk i generell trampfart i Nordsjøen, men ofte i tømmerfarta mellom Kvitsjøen og hamner i Europa. Stundom frakta det òg tomme tønner og salt til fiskeria på Island. Ofte låg det i opplag på vinterstid i Smedasundet i Haugesund.[6]

20. oktober 1955 gjekk det på grunn nær Tyven, nord for Helgelandsflæsa på veg sørover frå Kvitsjøen med tømmer. «Draugen» fekk dradd skipet av grunna den 22. oktober, etter at noko av tømmeret var blitt lossa. Skipet fekk ein mindre lekkasje. Våren 1959 gjekk det stort sett i tømmerfarta til Kvitsjøen. I november 1959 vart det leigd ut til Det Stavangerske Dampskibsselskab i Stavanger på timecharter for ei reise i godslinja til selskapet, og for høvet vart skorsteinen måla med fargane til Stavangerske (tre raude ringar på svart bakgrunn). Frå 1. juni 1960 var det igjen i tømmerfarta til Kvitsjøen.[6]

12. oktober 1960 gjekk «Henry Vang» på grunn nær Brattholmen fyr på veg heim frå Island med fire tusen tønner sild, og fekk ein lekkasje. Frå 1961 var det i tre år i timecharter til Norsk Hydro og transporterte gjødsel frå fabrikkane til selskapet i Glomfjord og på Herøy til forskjellige hamner i Skandinavia. Frå 1963 vart namnet på eigaren endra til Vangs Rederi A/S, framleis med Haugesund som registrertingshamn.[6] Ei stund ut i 1960-åra gjekk skipet i opplag i Smedasundet i Haugesund, og vart seinare flytta til Ballastkaien med tanke på eit sal.

Til Panama[endre | endre wikiteksten]

I januar 1965 vart skipet selt til Maralianza Cia. Naviera SA i Panama og vart omdøypt «Ismini». I januar 1965 vart skipet kjøpt av Maralianza Cia. Nav. S.A. og registrert i Panama. Skipet fekk då namnet «Ismini». Seinare same året, 22. september, grunnstøytte «Ismini» utanfor Pointe a Pitre på Guadeloupe. Det braut ut brann ombord og skipet vart heilt utbrent og kondemnert.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 126 brt, 587 nrt og lasteevna var 1 550 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 823 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Bergen Mekaniske Verksted. Oppgjeven yting var 900 iHk (indikerte hestekrefter) og 180 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10,5 knop.[1] Skipet hadde lugarar til fire passasjerar.

I 1939 fekk skipet innsett peileapparat. Skipet vart ombygd til oljefyring i 1949.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «D/S Columba». Sjøhistorie.no. Henta 28. juni 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 51. Henta 28. juni 2020. 
  3. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 14. november 1929. s. 5. Henta 28. juni 2020. 
  4. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 9. oktober 1936. s. 11. Henta 28. juni 2020. 
  5. ««Columba»s grunnstøtning ved Det Naue». Bergen: Bergens Tidende. 17. oktober 1936. s. 10. Henta 28. juni 2020. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 «D/S Columba». USA: Warsailors.com. Henta 28. juni 2020. 
  7. «Dampskip «Columbia» har vært i kollisjon». Bergen: Bergens Tidende. 27. april 1945. s. 2. Henta 27. juni 2020. 
  8. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 15. mai 1948. s. 2. Henta 28. juni 2020.