DS «Saturn» (1904)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
DS Saturn (1904).jpg
Karriere Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Namn: DS «Thirlmere»
Eigar: Palatine Shipping Co, seinare Watson Steam Ship Co.
Verft: A. Rodger & Co i Port Glasgow i Skottland
Verftsnummer: 377
Jomfrutur: Februar 1904
Heimehamn: Manchester
Kjennemerke: MHGT
Generelle mål
Tonnasje: 999 brt, 592 nrt
Daudvekt: 1660 tdw.
Lengd: 230,2 fot (70,2 m)
Breidd: 34,1 fot (10,4 m)
Djupgang: 14,3 fot (4,4 m)
Installert effekt : 130 nHk, 700 iHk
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (A. Rodger)
Fart: 9 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Saturn»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Februar 1912 for 240 056 kr[1]
Heimehamn: Bergen
Lagnad: Krigsforlis 1916

DS «Thirlmere» (kallesignal MHGT) var eit dampskip bygt i 1904 som lasteskip for Palatine Shipping Co. i Manchester i Storbritannia. Seinare vart det kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab og omdøypt «Saturn».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygd ved A. Rodger & Co i Port Glasgow i Storbritannia[1] og vart levert i februar 1904.[2]. I 1906 vart det overført til The Watson Steam Ship Co. i Manchester.

I februar 1912 kjøpte Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) skipet og det vart omdøypt «Saturn». Prisen var 240 056 kroner.[1].

I oktober 1916 var skipet på veg frå Liverpool til Narvik med bomull og stykkgods då skipet vart stogga med varselskot av den tyske ubåten «U 57» med kapteinløytnant Carl-Siegried Ritter von Georg. Skipet var då godt vest av Shetland og nord for Skottland ved 60.04' N 05.07' W. Besetninga gjekk frå borde og vart redda av den svenske DS «Bris». Skipet vart så skoten i senk.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 999 brt, 592 nrt og lasteevna var 1660 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2571 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Richardsons, Westgarth & Co i Middlesborough. Oppgjeven yting var NHK 130 IHK 700 iHk (indikerte hestekrefter) og 153 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9 knop knop.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «D/S Castor». Sjøhistorie.no. Henta 28. desember 2019. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 30. Henta 29. desember 2019.