DS «Saturnus» (1874)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Sweden.svg Sverige
Namn: DS «Göta»
Eigar: Ångbåts AB
Verft: Bergsunds Mek. Verkstad i Stockholm
Verftsnummer: 114
Jomfrutur: 1874
Heimehamn: Stockholm
Kjennemerke: JQSK
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 572 brt, 412 nrt
Lengd: 48,2 m
Breidd: 8,1 m
Djupgang: 4,6 m
Installert effekt : 250 iHk
Framdrift: 2cyl. Compound (Bergsunds)
Fart: 8,5 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Saturnus»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Mars 1878 for 107 276 kr.
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Eigar: C. Daae-Olsen med fleire
Kjøpt: 11. august 1910
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Eigar: Johnsen & Bergman med fleire
Kjøpt: 9. februar 1911
Heimehamn: Kristiania
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Asbjørn Selsbane»
Eigar: A/S Tore Hund (L.H. Andreassen)
Kjøpt: 1912
Heimehamn: Harstad
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Prunelle»
Eigar: A/S S/S Prunelle (Erik Rusten)
Kjøpt: 1915
Omdøypt: 1916
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Prunelle»
Eigar: Rederi-A/S Harald Grenske (H. Haraldsen)
Kjøpt: 1918
Heimehamn: Skien
Lagnad: Torpedert 22. august 1918

DS «Saturnus» (kallesignal JQSK) var eit dampskip bygt i 1874 som DS «Göta», eit lasteskip for Ångbåts AB i Stockholm. Skipet vart bygd ved Bergsunds Mek. Verkstad i Stockholm.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I mars 1878 vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab for 107 276 kr. Dette vart gjort for å styrke rutefarten til Bergenske mellom Bergen og Lofoten. Bergenske kjøpte òg samstundes DS «Svea», som fekk namnet DS «Uranus».

I 1885 fekk skipet ny innerkjel og i 1893 vart det påsett slingrekjølar. I 1900 vart det utført ei større utbetring av skipet ved Akers Mek. Verksted med nye dekk, stålmaster og innreiing.[1]

Skipet vart selt i august 1910 til C. Daae-Olsen i Bergen, som alt i januar 1911 selde det til Johnsen & Bergman i Kristiania. Eit år seinare, i februar 1912, vart skipet kjøpt av A/S Tore Hund (L.H. Andreasssen) i Harstad. Det vart då omdøypt til «Asbjørn Selbane». I august 1915 hamna skipet attende i Bergen då det vart kjøpt av A/S S/S Prunelle (A/S Erik Rusten) som i desember same året døypte skipet om til «Prunelle».

I februar 1918 gjekk det vidare til Rederi-A/S Harald Grenske i Skien, men vart same året rekvirert av The Shipping Controller i London under første verdskrigen. Dette vart lagnadstungt for skipet som 22. august 1918 utan førevarsel vart torpedert av den tyske ubåten UB 112 tre nautiske mil søraust av Blyth. 12 menneske omkom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «D/S Uranus». Sjøhistorie.no. Henta 4. mai 2019.