DS «Musca» (1920)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Musca»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Storemøllens Patentslip & Mek. Verksted, Bergen
Byggekostnad: 40 000[1]
Verftsnummer: 2
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LCEU
Lagnad: Ukjend
Generelle mål
Type: Taubåt
Tonnasje: 20 brt, 6 nrt
Lengd: 47,3 fot (14,4 m)
Breidd: 12 fot (3,7 m)
Djupgang: 6,5 fot (2,0 m)
Installert effekt : 65 iHk
Framdrift: Compound 2 cyl. dampmaskin

DS «Musca» (kallesignal LCEU) var ein taubåt bygt i 1920 for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) for buksering på hamna i Bergen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Storemøllens Patentslip & Mek. Verksted i Bergen og kosta 40 000 kroner[1] då det vart levert i 1920.[2]

12. mai 1924 fekk båten fyrgangen for kjelen nedbrendt. Skipet vart reparert ved verftet til BDS i Laksevåg.[3] 30. oktober 1926 hadde «Musca» ein båt på slep då båten «Harald» kom bakkande og rende i «Musca». Taubåten sprang lekk og vart ført inn til Tollbodkaien.[4]

21. april 1940 vart skipet rekvirert av tyske Kriegsmarine. I april 1944 vart båten sterkt skadd under eksplosjonen på Vågen og vart slengt opp på Festningskaia og sterkt skadd. Kapteinen ombord omkom og vart aldri funnen. Dekksmannen og maskinisten overlevde utan større skadar.[5] Båten vart reparert på Stord.

2. desember 1947 var «Musca» involvert i ein kollisjon. Taubåten skulle om ettermiddagen gå frå Bryggen til Bradbenkhopen for å gå i opplag for natta, då han vart pårent av MS «Prektig», som manøvrerte på Vågen. Støyten var ganske kraftig og «Musca» vart sendt mot «Snurp 3», som låg ved Bradbenk-kaien. «Snurp 3» vart råka på babord side og baug og fekk eit stort sår i skroget og ankerklysset kløyvd. «Musca» fekk ingen skadar.[6]

I 1951 vart båten selt til ein ukjent eigar i Stavanger og omdøypt «Sabben». Kva som skjedde vidare med båten er ukjend. I 1990 vart båten utgått av flaggboka.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 20 brt og 6 nrt. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tosylindra compound dampmaskin av ukjend merke. Dette gav ei maskinkraft på 65 indikerte hestekrefter.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «D/S Musca». Sjøhistorie.no. Henta 29. april 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 37. Henta 29. april 2020. 
  3. «Bugserbaat "Musca" fik kjedelskade». Bergens Tidende. 13. mai 1924. s. 7. Henta 29. april 2020. 
  4. «Fra sjøretten». Bergens Tidende. 12. november 1926. s. 4. Henta 29. april 2020. 
  5. «Bergenskes bukserbåt "Musca" ødelagt ved eksplosjonsulykken». Bergens Tidende. 8. mai 1944. s. 2. Henta 29. april 2020. 
  6. «Bukserbåt «Musca» pårent av «Prektig» og skubbet inn i «Snurp 3», som fikk atskillig skade». Bergens Tidende. 13. desember 1947. s. 2. Henta 29. april 2020.