MS «Carina» (1944)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of the United States.svg USA
Klasse og type: CI-M-AVI
Namn: USS «Poinsett»
Eigar: U.S. Navy
Verft: Leathem D. Smith S.B. Co. i Sturgeon Bay i Wisonsin i USA
Verftsnummer: 325
Jomfrutur: september 1944
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 3 913 brt, 2 710 nrt
Daudvekt: 5 997 tdw.
Lengd: 326,3 fot (99,5 m)
Breidd: 50,1 fot (15,3 m)
Djupgang: 26,5 fot (8,1 m)
Installert effekt : BHK 1700 NHK 385
Framdrift: 6-sylindra 2-taktsdieselmotor (Nordberg Manufacturing Co., Milwaukee)
Fart: 10,5
Karriere Flag of the United States.svg USA
Namn: MS «Poinsett»
Eigar: U.S. Maritime Commission
Overtatt: 1946
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Carina»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Leathem D. Smith Shipbuilding Co., Sturgeon Bay i Wisconsin, USA
Kjøpt: Februar 1947 for 693 862 USD[1]
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LMGP
Karriere Flag of South Korea.svg Sør-Korea
Namn: MS «Masan»
Eigar: Korea Shipping Corp.
Kjøpt: Mai 1952
Heimehamn: Pusan
IMO-nummer: 5227990
Karriere Flag of South Korea.svg Sør-Korea
Namn: MS «Masan»
Eigar: New Asia Shipping Co Ltd.
Kjøpt: 1977
Heimehamn: Inchon
Lagnad: Opphøgd 1982

USS «Poinsett» var eit amerikansk lasteskip av typen CI-M-AVI, bygt i 1944 for den amerikanske marinen. Denne skipstypen var mindre enn Liberty-skipa og kunne kome til i bombarderte hamner som var blokkerte for større skip.

I 1947 vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt MS «Carina». BDS hadde skipet fram til 1952, då det vart selt til Sør-Korea, der det fekk namnet «Masan». Det vart verande hos sørkoreanske eigarar fram til det vart hogd opp i 1982.

(kallesignal LMGP) var eit

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Leathem D. Smith Shipbuilding Co. i Sturgeon Bay i Wisconsin i USA og vart levert i september 1944.[2]

I 1946 vart skipet overført frå marinen til U.S. Maritime Commission, før det i februar 1947 vart kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS). Det vart då omdøypt MS «Carina» og gjeve kallesignalet LMGP. BDS beste opp mot 700 000 amerikanske dollar for skipet.[1] Skipet vart henta i Nord-Amerika og frakta til Sør-Amerika med ei kollast.[3] Skipet gjekk så inn i Den norske Syd-Amerika Linje, som BDS var medeigar i, mellom Nord-Europa og Sør-Amerika.

På reise frå frå Uleå til Bremen med malm forliste «Carina» natt til fredag 29. august 1947, 13 nautiske mil sør for Gedser fyr heilt sør på Falster i Danmark. Rundt kl. 01 høyrde ein eit høgt smell og båten byrja straks å søkkje. Offiserar og mannskap vart kommandert i livbåtane og det skjedde så raskt at mange berre gjekk i bukse og skjorte. I alt var det 32 mann ombord. Det vart sendt ut SOS-signal og eit dansk skip kom til staden og tok opp styrmannen og 18 mann av mannskapet, medan kapteinen og 12 mann vart verande ombord. Det var uklårt kva som var årsaka til forliset, men ein trudde at skipet anten hadde gått på ei mine eller kollidert med eit søkkt vrak.[4] Det viste seg seinare å vere eit vrak.[5] Skipet kom seg inn til Falster for eiga maskin, der det låg trygt, og med godt vêr var det gode håp om å få lense tredjerommet for vatn og undersøke skipet med dykkarar.[6] Etter nokre dagar vart «Carina» tetta og kunne gå til Nyborg i Danmark for mellombels reparasjon.[5] 6. september kom det fram til Bremen med lasta si. 6. oktober vart det ført til Hamburg for ytterlegare reparasjon.[7] 18. oktober kunne det halde fram i ruta til Sør-Amerika med anløp i Cabedelo i Brasil.

I mars 1949 vart ein ung gut frå Bergen alvorleg forgifta ombord på «Carina» og måtte leggast inn på sjukehus i Aalborg. Dei første meldingane fortalte at han var dødeleg forgifta, men han klarte seg.[8] To år seinare omkom derimot ein annan ung gut, som var hjelpegut på båten og ute på den første sjøreisa si, då han drukna i ei kanoulukke i ein liten by i Brasil.[9]

I slutten av mai 1952 selde BDS skipet vidare til sørkoreanske eigarar.[1] Korea Shipping Corp. i Pusan kjøpte skipet og omdøypte det «Masan». I 1977 vart det kjøpt av New Asia Shipping Co. Ltd. i Inchon i Sør-Korea. Skipet vart selt til opphogging i 1982.[10]

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 3 913 brt, 2 710 nrt og lasteevna var 5 997 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 6 911 . Hovudmaskinen var ein 6-sylindra 2-takts dieselmotor, levert av Nordberg Manufacturing Co i Milwaukee. Oppgjeven yting var 1 700 bHk (bremsande hestekrefter) og 385 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10,5 knop.[1]

I 1950 vart det innsett radar på skipet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «D/S Carina». Sjøhistorie.no. Henta 1. januar 2021. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 2». Skipet. Nr. 2 (Rådal: Skipet). Volum 14: 30. Henta 1. januar 2021. 
  3. «Bergenske overtar amerikaneren «Carina»». Bergen: Bergens Tidende. 8. mars 1947. s. 2. Henta 3. januar 2021. 
  4. «Bergenske «Carina» forlist ved Gedser fyr». Bergen: Bergens Tidende. 29. august 1947. s. 1. Henta 3. januar 2021. 
  5. 5,0 5,1 ««Carina» til Nyborg». Bergen: Bergens Tidende. 3. september 1947. s. 6. Henta 3. januar 2021. 
  6. «Godt håp om berging av B.D.S. «Carina»». Bergen: Bergens Tidende. 30. august 1947. s. 1. Henta 3. januar 2021. 
  7. ««Carina» skal reparere i Hamburg». Bergen: Bergens Tidende. 6. oktober 1947. s. 2. Henta 3. januar 2021. 
  8. «Den forgiftede sjøgutt i bedring». Bergen: Bergens Tidende. 21. mars 1949. s. 2. Henta 3. januar 2021. 
  9. «Ung Osing druknet i Brasil». Bergen: Bergens Tidende. 29. august 1951. s. 2. Henta 3. januar 2021. 
  10. «Bergens Tidende». Bergen. Henta 3. januar 2021.