DS «Ganger Rolf» (1856)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ganger Rolf in Christiania.png
«Ganger Rolf» i Christiania
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Ganger Rolf»
Eigar: Det Sødenfjelds-Norske Dampskibsselskab
Verft: Caird & Company i Greenock
Verftsnummer: 41
Sjøsett: Oktober 1855
Jomfrutur: 4. april 1856 frå Hull til Kristiania
Heimehamn: Kristiania
Kjennemerke: HDKJ
Lagnad: Forliste i 1878
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 636 brt, 439 nrt
Lengd: 61,0 m
Breidd: 7,9 m
Djupgang: 4,4 m
Framdrift: Ukjend dampmaskin
Generelle mål etter ny hovudmaskin i 1871
Installert effekt : 120 NHk
Framdrift: 2cyl. Comp. (Bergen Mek. Verksted)
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Juni 1876
Heimehamn: Bergen

DS «Ganger Rolf» (kallesignal HDKJ) var eit dampskip bygt i 1856 som passasjer- og lasteskip for Det Søndenfjelds Norske Dampskibsselskab. Skipet vart bygd ved Caird & Company i Greenock i Skottland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart sjøsett i oktober 1855. Under bygginga var skipet i fare under ein orkan, men kaptein Glørsen og maskinisten Lundh vart seinare takka av administrasjonen i reiarlaget for å ha redda skipet. 4. april 1856 la skipet ut på den første turen på ruta frå Hull i England til Kristiania og frakta mellom anna post å ruta. Billettprisane var 15 spesidalar på første klasse, 10 spd på andre klasse og fem spesidalar for dekksplass. Selskape konkurrerte på ruta med The North of Europe Steam Navigation Company og seinare med Ths. Wilson Sons & Co., og billettprisane vart pressa ned.

Ruta til «Ganger Rolf» vart tilpassa slik det vart korrespondanse i Kristiansand med Hamburg-ruta til Det Bergenske Dampskibsselskab og vidaresending av varer til Vestlandet etter same tariff.

7. til 22. juni 1856 vart skipet leigd ut til ei studentreise til Uppsala i Sverige. Det hadde meldt seg på over 300 studentar til ferda, men det var berre plass til 235, og berre køyer til halvparten av dette att. Det vart dermed laga til køyeplassar i forrommet og akterrommet. Johan Sebastian Welhaven deltok på reisa og laga eit lite vers om hendinga. Skipet gjekk derimot stort sett i Hullruta for Søndenfjeldske, og det var ofte usemjer med dei britiske reiarlaga på denne ruta. Til slutt måtte Søndenfjeldske gje opp ruta til Hull, mot at konkurrenten Wilson tok sitt fartøy ut av ruta til Hamburg. I mars 1867 byrja derfor «Ganger Rolf» å gå til Trondheim og gjekk der fram til ho vart sett inn i ruta til Le Havre i Frankrike i 1870 med seks turar det året. Denne ruta var dyr fordi kolforbruket på «Ganger Rolf» var høgt. I 1871 vart det derfor avgjort å setje inn ein ny hovudmaskin, ein tosylindra compound-maskin frå Bergen Mekaniske Verksted på 120 nominelle hestekrefter. Det kosta kring 18 000 spesidalar, men kutta kolforbruket til kring halvparten. Tur-returbillett frå Kristiania til Le Havre kosta 32 spd på første klasse, 22 spd og 60 skilling på andreklasse og 13 spesidalar for tredje klasse.

Frå midten av 1870-åra vart det vanskelege tider for Søndenfjeldske og rutene gjekk ikkje så bra som dei hadde ønskt. Skipa var i tillegg byrja å dra på åra, og i juni 1876 vart «Ganger Rolf» derfor selt til Det Bergenske Dampskibsselskab for 35 000 spesidalar. 8. april 1878 grunnstøytte skipet ved Mefjordsbåen i Fedjefjorden nord for Bergen og vart vrak. Ei veke seinare vart det selt på auksjon for opphogging «slik det låg» for 2 000 kroner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]