DS «Rhea»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karriere  Noreg
Namn: DS «Anna»
Eigar: Hans Olsen m.fl.
Verft: Bergen mekaniske verksted i Bergen
Verftsnummer: 92
Jomfrutur: 1895
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LERL
Generelle mål
Tonnasje: 29 brt, 14 nrt
Lengd: 14,3 m
Breidd: 3,7 m
Djupgang: 2,4 m
Installert effekt : 16 nHk, 72 iHk
Framdrift: Compound 2 cyl. dampmaskin
Fart: 8 knop
Karriere  Noreg
Namn: DS «Anna», frå 1903 DS «Rhea»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Juni 1899 for 18 630 kr.[1]
Heimehamn: Bergen
Karriere  Noreg
Namn: DS «Rhea»
Eigar: Johan Muller
Kjøpt: Juli 1910
Heimehamn: Bergen
Karriere  Noreg
Namn: DS «Rhea»
Eigar: A/S Victor Muller
Kjøpt: Januar 1917
Heimehamn: Bergen
Karriere  Noreg
Namn: DS «Rhea»
Eigar: Gustav Hansen
Kjøpt: Oktober 1955
Heimehamn: Bergen
Karriere  Noreg
Namn: DS «Rhea»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Januar 1961
Heimehamn: Bergen
Karriere  Noreg
Namn: DS «Rhea»
Eigar: Einar Cook
Kjøpt: Oktober 1961
Heimehamn: Bergen
Lagnad: Ombygd til kai/lekter 1961

DS «Anna» (kallesignal LERL) var eit dampskip bygt i 1895 som slepebåt for Hans Olsen i Bergen. I 1903 vart båten omdøypt «Rhea».

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1899 vart båten kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab for 18 630 kroner.[1] I 1903 vart båten omdøypt «Rhea», eit namn båten hadde til han vart ombygd til lekter eller kai i 1961.

BDS kjøpte inn slepebåten etter kvart som skipa i Bergen hamn vart større og traffikken auka. Båten vart selt i juli 1910 til Johan Muller i Bergen, som frå januar 1917 hadde båten i selskapet A/S Victor Muller fram til oktober 1955. Det året tok Gustav Hansen over båten. I januar 1961 kjøpte BDS attende båten, før han i oktober 1961 vart selt til Einar Cook i Bergen for å få maskin og utstyr demontrert. Same månaden vart båten selt til Måløy for å brukast som lekter eller kai.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 29 bruttoregistertonn og 14 nettoregistertonn. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tosylindra compound dampmaskin. Oppgjeven yting var 72 iHk (indikerte hestekrefter) og 16 nHk (nominelle hestekrefter), noko som gav ein toppfart på 8 knop.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «D/S Rhea». Sjøhistorie.no. Henta 6. september 2019.