MS «Corvus» (1947)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Corvus»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Eriksbergs Mekaniska Verkstad i Gøteborg i Sverige
Verftsnummer: 356
Jomfrutur: 11. februar 1947
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LMFV
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 1333 brt, 702 nrt
Daudvekt: 1960 tdw.
Lengd: 263,8 fot (80,4 m)
Breidd: 40,2 fot (12,3 m)
Djupgang: 14 fot (4,3 m)
Installert effekt : BHK 1175 NHK 287
Framdrift: 5-sylindra 2-takts Burmeister & Wain dieselmotor (Eriksberg)
Fart: 12
Karriere Flag of Greece.svg Hellas
Namn: MS «Manina»
Eigar: Kenav Shipping Co. S.A.
Kjøpt: April 1968
Heimehamn: Pireus
Lagnad: Forliste 1968

MS Corvus (kallesignal LMFV) var eit motorskip bygt i 1947 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Corvus er det latinske namnet på stjernebiletet Ramnen. Skipet var systerskip til MS «Vela»

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Eriksbergs Mekaniske Verkstad i Gøteborg i Sverige[1] og vart levert i februar 1947.[2] Den første prøveturen vart utført i Gøteborg 6. februar og 11. februar gjekk første turen til skipet til London.[3] Etter ein tur mellom Middlesborough og London gjekk det for første gongen til Bergen i ruta si London - Vest-England - Vestlandet tidleg i mars. Denne ruta omfatta òg anløp i mellom anna Trondheim og Stavanger. Med seg i lasta hadde det mellom anna vassleidningsrøyr. Sidan det hadde vore for mykje is i Gøteborg tidleg i februar, vart det ikkje utført ein skikkeleg testtur før det var komen til Bergen. Det vart då oppnådd ein toppfart på 13,3 knop.[4]

I juni 1948 gjekk «Corvus» i Nederlandruta til Amsterdam, Rotterdam og Belgia, før det i juli og august 1948 gjekk til Frankrike med rogn og tran. I september var det attende i Londonruta.

Mandag 17. september 1951 låg «Corvus» oppankra i Gravesend i England, då det kolliderte med det svenske skipet «Fenja». Ingen av skipa fekk noko særskild skade,[5] men Corvus mista babord anker og kjetting. Begge delar vart henta opp att av ein hamnebåt frå London. «Corvus» fekk òg ein mindre skade midtskips på styrbord side, og gjekk opp Themsen til Mark Browns verft for reparasjon. 25. september gjekk det vidare frå London til Middelsborough.[6]

11. juli 1953 kolliderte «Corvus» med London Bridge på veg oppover Themsen. Skipete hadde akkurat passert Tower Bridge og var kring 200 meter frå London Bridge, og skulle gå mot Chamberlainkaien. Der sette det seg fast i mudderet og då det prøvde å kome seg laus sjølv, svinga det rundt og råka den midtre brustøtta, der det vart klemt fast.[7] Skipet måtte ha assistanse frå fire slepebåtar som fekk det laus att etter nokre timar.[8] Skadane var berre på overdekket, særskild på brudekket, og vart reparerte ved Laksevåg mekaniske verksted i slutten av juli.[9] Ferdig på verkstaden drog skipet vidare til Trondheim og på veg sørover att var det igjen utsett for eit uhell, då det gjekk på grunn i Hindøysundet ved Atløyna. Rormannen hadde etter ordre frå losen gjeve babord ror, men då skipet kom over særs raskt, spurte han losen om han hadde gjeve for mykje ror, noko losen svara nei på. Losen kontrollerte det ikkje sjølv, då han trudde andrestyrmannen gjorde dette. Skipet fekk dermed eine staken i sundet på feil side og råka grunnen. Skipet vart lekk i forpiggen, men kunne halde fram reisa til Bergen, der det var framme kl. 09 om morgonen.[10] «Corvus» måtte dermed attende til verkstaden og gjekk denne gongen i tørrdokken for å utbetre skadane. Det vart liggande her fram til starten av oktober, då det var attende i London-ruta.

I 1960 vart London-ruta slått saman med ruta til Rotterdam og Antwerpen og den første turen «Corvus» hadde til Rotterdam var i juli dette året. Andre juledag 1960 kolliderte «Corvus» med Haugesundsskipet MS «Tonjer» ved Strandkaien i Stavanger. «Corvus» skulle legge til aktanfor «Tonjer», som alt låg til kai, men reverseringa til «Corvus» svikta og ho rende inn i «Tonjer» akterut og gjorde stor skade på skipet. Skansekledninga til «Tonjer» vart lagt flat og oppstandarane i hjørnet av bildekket vart knekt kraftig innover. Skipet fekk òg lekkasje og kunne ikkje hadde fram ruta si til Haugesund. «Corvus» fekk eit hol like bak stamnen og to lange flenger vidare aktanover, like over vasslinja, slik at det ikkje skulle mykje sjø til for at vatnet ville trengje inn. Etter å ha råka «Tonjer» heldt «Corvus» fram innover Vågen og ein frykt at det òg skulle råke Stavangerske Dampskibsselskab sitt MS «Kvitsøy» som låg ved Skagenkaien, men ein klarte å stoppe skipet før det kom så langt.[11] Etter å ha blitt tetta fortsette «Corvus» til Bergen den 29. desember.

4. januar 1962 var «Corvus» i ein ny kollisjon. Denne gongen kolliderte det med det nederlandske lasteskipet «Steenkerk» i kanalen nær Amsterdam. «Corvus» fekk skade midtskips på styrbord side og gjekk inn til Amsterdam. Skipet hadde ikkje behov for å reparere skadane der og då og kunne halde fram i ruta.[12]

I januar 1964 vart «Corvus» erstatta i ruta til Nederland og London av MS «Vela», og «Corvus» gjekk til Oslo for å gå inn i kystgodsruta til Kirkenes. 20. mars 1965 gjekk «Corvus» på grunn kring 100 meter frå dampskipskaien i Kjøllefjord i Finnmark. Skipet skulle legge til kai, men vart teken av snøkavene og sterk vind då uhellet skjedde. Skipet kom av for eiga maskin og trengde ikkje assistanse. Skipet fekk heller ikkje skade.[13]

Fire kollisjonar i 1966[endre | endre wikiteksten]

5. mars 1966 kolliderte «Corvus» med Koparvik-skipet DS «Bergsvik» nær Mefjordbåen ved Moss. «Corvus» gjekk ut frå Moss midt på natta og følgde den vanlege leia sørover. På grunn av is i fjorden gjorde dei ein liten sving mot styrbord og det vart oppdaga to prikkar på radaren eit par nautiske mil forut, men det var ingen lys å sjå, og dei såg heller ikkje Fuglehuk fyr. Då det næraste fartøyet var 1 nautisk mil unna vart det gjeve tåkesignal. Fartøyet kom nærmare om babord og losen var stadig ute på babord bruvengje for å sjå etter det. Til slutt såg han eit kvitt lys og sa «Der har me han. Det går fint». Samstundes oppdaga dei det grøne lyset frå «Bergsvik», det andre skipet. Det vart slått fullt akterover og roret dreidde heilt babord, men kollisjonen var ikkje til å unngå. Ombord på «Bergsvik» var skipperen og maskinassistenten, som hadde følgd «Corvus» på radaren og meinte dei kom til å gå klar, før dei brått såg «Corvus» kome ut av tåka rett mot dei. Dei rakk begge å kome seg ut på dekk, men kollisjonen var så kraftig av skipet sokk under føtene på dei. Dei klamra seg ei kort stund til masta, før skipet gjekk ned med akterskipet først. «Corvus» stoppa maskinen og tente dekkslysa. Dei kasta ei line til dei som låg i sjøen og fekk sjøsett ein livbåt, slik at begge to vart berga. Det vart òg sendt ut naudmelding på radio, som MS «Basel» og Tjøme Radio svarte på. Det var fire personar til ombord på «Bergsvik», men etter kvart vart drivisen for tett og livbåten måtte gje opp leitinga etter dei. Leitinga heldt fram med lyskastar og aldislampe frå «Corvus». Då det vart konstatert lekkasje i luke 1 på «Corvus», måtte dei overlate leitinga til ein taubåt som var komen ut, og «Corvus» gjekk inn att til Moss.[14] «Bergsvik» gjekk ned med fire personar ombord, mellom anna eit ektepar. Dei fire låg truleg og sov.[15] Ei veke seinare var «Corvus» i Oslo og lossa for Antwerpen i ei ekstrarute, før det heldt fram i kystruta til Nord-Noreg. I januar 1967 vart losen ombord på «Corvus» dømd til å betale 200 kroner for å ha overtredd sjøvegsreglane. Han sørgde i følgje retten ikkje for å redusere farten eller leggje om kursen nok til å unngå kollisjonen.[16]

Berre ein månad seinare var «Corvus» igjen i ein kollisjon som førte til at nok eit skip sokk. Kollisjonen skjedde på Hjeltefjorden natt til skjertorsdag 7. april 1966. Frakteskipet MS «Vona» skal ha fått roret sett fast slik at det ikkje lystra manøvreringa. Rormannen skal ha sagt før samanstøyten at skuta var så tung på roret. Føraren hadde vore nede i maskinrommet og då han kom opp att så han ein mørk skugge på babord side. Avstanden var då mindre enn 10 meter. Han ropte til rormannen: «Ser du ikkje båten då!» og drog roret mot styrbord, medan rormannen slo ned farten. Dei to fartøya møttes babord mot babord. Både føraren og rormannen var i styrehuset då kollisjonen skjedde, og begge vart slengt framover slik at føraren fekk eit slag i hovudet. «Corvus» sette raskt ein livbåt på vatnet og dei to vart teken ombord. I sjøforklaringa meinte føraren på «Vona» at rormannen burde ha sett «Corvus» tidlegare. Det var måneskin og stille vêr då ulukka skjedde.[17] Føraren hadde ein teori om at noko hadde sett seg fast i rorkjettingen under lossing på Hellesøy, men det kom òg fram i sjøforklaringa at rormannen i løpet av dagen hadde drukke sju flasker pils og må ha vore tydeleg påverka.[18] «Corvus» fekk ikkje store skadar og fortsette i ruta si.

1966 var eit dårleg år for «Corvus» og 12. september kolliderte det med kaien i Melbu i Vesterålen då det skulle legge til kai på veg sørover frå Harstad. Reverseringa virka ikkje og råka den nybygde ferjekaien i Melbu med stor kraft. Baugen råka brukaret til brua på ferjekaien, slik at denne måtte førast opp på ny. På veg mot kaien hadde «Corvus» òg råka borti kvalfangaren «Vestfjord» og slengt denne unna med nokre skadar i davitane og i hekken. Ferjekaien var klar til å takast i bruk same veka som kollisjonen, men måtte no setjast på vent. «Corvus» fekk ein kraftig bulk i baugen[19] og gjekk til Stavanger for reparasjon. Skaden på ferjekaien vart taksert til ein halv million kroner.[20]

Ulukkene i 1966 var ikkje over med dette og «Corvus» rende eit tredje fartøy i senk 25. november dette året. Denne gongen var det frakteskuta MS «Margit» frå Moss som vart råka i Raftsundet. Frakteskuta låg med motorstopp midt i leia, og med hjelpemotoren òg i uorden var det mørklagt. «Corvus» såg derfor ikkje skuta før det var for seint. Det gjekk berre 15 minutt frå kollisjonen til «Margit» sokk, men mannskapet på fem vart berga.[21] Losen Anders Hummelsund på «Corvus» stupte i sjøen for å bemanne ein robåt som vart sett på vatnet etter kollisjonen. Mannskapet på «Corvus» valte å setje denne robåten på vatnet i staden for dei vanlege livbåtane for å spare tid. Maskinen på «Margit» skal ha byrja å fuske like etter dei hadde passert den trongaste passasjen i sundet ved Store Molla. «Margit» var bygd i 1962 og hadde ikkje kontinuerleg vakt i maskinen. Maskinisten vart vekt og sendt i maskinrommet og etter somme undersøkingar var dei blitt samde om at det var skit i dagtanken som var årsaka til at maskinen stoppa. Dei fekk kopla til batteri, men alle naudlysa svikta. Då arbeidet på å reparere skaden i maskinen tok til, vart skipet råka av «Corvus». Etter kort tid fekk skipet slagside og mannskapet gjekk frå borde i all hast, utan personlege eigedelar eller skipspapir.[22] «Corvus» fekk igjen berre små skadar og fortsette i ruta.

Lagnad[endre | endre wikiteksten]

I midten av mars 1967 vart «Corvus» teken ut av kystgodsruta og gjekk i opplag i Bergen ut året og inn i 1968. 27. mars 1968 vart det annonsert at det greske reiarlaget Kenav Shipping Co. S.A. i Pireus hadde kjøpt «Corvus» og MS «Vela» av BDS. Det vart omdøypt «Manina». 6. april la «Manina» ut frå Bergen for siste gongen, men natt til 8. april grunnstøytte det ved Orknøyane på veg til Glasgow og sokk ved Stack Skerry. Det var tung sjø og dårleg vêr då ulukka skjedde. Det vart sendt ut melding om at skipet vart forlate, og det svenske skipet MS «Vassijaure» deltok i leitinga etter sakna og tok opp tolv av mannskapet, medan to var sakna.[23] Sju av dei som vart teken ombord var allereie omkomne, slik at ni personar totalt omkom i ulukka.[24]

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 333 brt, 702 nrt og lasteevna var 1 960 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 3064  der 427 m³ var . Hovudmaskinen var ein 5-sylindra 2-takts Burmeister & Wain dieselmotor, levert av Eriksberg. Oppgjeven yting var 1 175 bHk (bremsande hestekrefter) og 287 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 12 knop.[1]

Skipet vart bygt med ein ny propelltype, «Kamera»-propellen, som vart utvikla ved Karlsbergs mekaniske verkstad. Det nyskapande ved propellen var at propellvengjene var regulerbare, som måtte til for raskare omstilling.[25]

Skipet fekk i 1951 sett inn radar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «M/S Corvus». Sjøhistorie.no. Henta 24. april 2021. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 2». Skipet. Nr. 2 (Rådal: Skipet). Volum 14: 34. Henta 10. april 2021. 
  3. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 8. februar 1047. s. 3. Henta 10. april 2021. 
  4. «Bergenskes m.s. «Corvus»' prøvetur». Bergen: Bergens Tidende. 11. mars 1947. s. 7. Henta 10. april 2021. 
  5. «Bergenskes «Corvus» i kollisjon». Bergen: Bergens Tidende. 18. september 1951. s. 2. Henta 11. april 2021. 
  6. ««Corvus»' havariskade reparert». Bergen: Bergens Tidende. 21. september 1951. s. 2. Henta 11. april 2021. 
  7. ««Corvus» ble sist i forrige uke...». Bergen: Bergens Tidende. 13. juli 1953. s. 3. Henta 12. april 2021. 
  8. ««Corvus» berører London Bridge». Bergen: Bergens Tidende. 11. juli 1953. s. 9. Henta 12. april 2021. 
  9. «På havnen». Bergen: Bergens Tidende. 23. juli 2021. s. 2. Henta 12. april 2021. 
  10. «For meget babord ror». Bergen: Bergens Tidende. 11. august 1953. s. 2. Henta 12. april 2021. 
  11. ««Corvus» rente inn i «Tonjer» i Stavanger». Bergen: Bergens Tidende. 27. desember 1960. s. 3. Henta 17. april 2021. 
  12. ««Corvus» i kollisjon». Bergen: Bergens Tidende. 5. januar 1962. s. 8. Henta 17. april 2021. 
  13. «Bergensbåt på grunn ved Kjøllefjord». Bergen: Bergens Tidende. 22. mars 1965. s. 6. Henta 17. april 2021. 
  14. ««Corvus» og «Bergsvik» fulgte hinannen på radarskjermene». Bergen: Bergens Tidende. 8. mars 1966. s. 6. Henta 24. april 2021. 
  15. «Ektepar fra Austrheim omkom med «Bergsvik»». Bergen: Bergens Tidende. 7. mars 1966. s. 1. Henta 17. april 2021. 
  16. «Losen på «Corvus» får bot på kr. 200». Bergen: Bergens Tidende. 18. januar 1967. s. 8. Henta 23. april 2021. 
  17. «Roret satte seg fast!». Bergen: Bergens Tidende. 19. april 1966. s. 28. Henta 23. april 2021. 
  18. ««Roret satte seg fast!»». Bergen: Bergens Tidende. 20. april. s. 8. Henta 23. april 2021. 
  19. ««Corvus» mot kai i Melbu - fikk stor bulk i baugen». Bergen: Bergens Tidende. 12. april 1966. s. 6. Henta 17. april 2021. 
  20. ««Corvus» gjorde skade for en halv million». Bergen: Bergens Tidende. 29. september 1966. s. 1. Henta 23. april 2021. 
  21. ««Corvus» i kollisjon med mørklagt fartøy». Bergen: Bergens Tidende. 28. november 1966. s. 9. Henta 23. april 2021. 
  22. ««Corvus» rente i senk frakteskute uten lys». Bergen: Bergens Tidende. 30. november 1966. s. 1 & 14. Henta 23. april 2021. 
  23. «Ex-«Corvus» grunnstøtt - to er savnet». Bergen: Bergens Tidende. 8. april 1968. s. 1. Henta 23. april 2021. 
  24. «Bare fem reddet i live fra «Manina»». Bergen: Bergens Tidende. 9. april 1968. s. 6. Henta 23. april 2021. 
  25. «Bergenskes «Corvus» tiltrer sin jomfrureise over helgen». Bergen: Bergens Tidende. 8. februar 1947. s. 1. Henta 10. april 2021.