MS «Pelikanen» (1907)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: «Pelikanen»
Eigar: Otto Chr. Johnsen
Verft: Engelsviken på Onsøy
Jomfrutur: 1907
Heimehamn: Engelsviken/Fredrikstad
Kjennemerke: KCVQ - MGWB - LGWM
Generelle mål
Type: Passasjerskip, seglkutter
Tonnasje: 60 brt, 55 nrt
Lengd: 68,9 fot (21,0 m)
Breidd: 20,3 fot (6,2 m)
Djupgang: 8,8 fot (2,7 m)
Framdrift: Segl
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Pelikanen»
Eigar: Anton Nielsen
Kjøpt: 1909
Heimehamn: Engelsviken/Fredrikstad
Generelle mål Ombygd til dampskip
Type: Passasjerskip
Tonnasje: 60 brt, 30 nrt
Installert effekt : 6 nHk
Framdrift: Triple exp. dampmaskin (Elliot & Ganood, Beccles)
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Pelikanen»
Eigar: A/S Lødingens Sildoljefabrikk (P.O. Zachariassen)
Kjøpt: 1910
Heimehamn: Harstad
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Pelikanen»
Eigar: S. Scheen
Kjøpt: 1914
Heimehamn: Tromsø
Generelle mål Ombygd til motorskip i 1915
Type: Passasjerskip
Installert effekt : 40 bHk
Framdrift: 2c 2T råoljemotor (J. & C.G. Bolinder)
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Pelikanen»
Eigar: Harald Berg
Kjøpt: 1916
Heimehamn: Tromsø
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Pelikanen»
Eigar: Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab og Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Oktober 1916
Heimehamn: Trondheim/Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Mina I»
Eigar: 1920-1922: W. Holmboe
1922-1928: Carl S. Sæther
Kjøpt: 1920
Heimehamn: Tromsø
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Nord-Norge II»
Eigar: Pollen Nilsen
Kjøpt: 1928
Heimehamn: Kabelvåg/Svolvær

«Pelikanen» (kallesignal KCVQ - MGWB - LGWM) var ein seglkutter bygt i 1907 på eit skipsbyggeri i Engelsviken på Onsøy for Otto Chr. Johnsen i Fredrikstad. Båten vart bygd om til både dampskip og motorskip i løpet av 1910-åra og var nokre år eigd av Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab og Det Bergenske Dampskibsselskab i lag og brukt i post- og passasjerrute mellom Tromsø og Svalbard.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt i Engelsviken på Onsøy og vart levert i 1907.[1]

I 1909 vart skipet selt til Anton Nilsen i Fredrikstad, som ombygde skipet til eit dampskip med 6 hestekrefter. I 1910 vart skipet selt til Lødingens Sildoljefabrikk i Harstad og i 1914 hamna det i Tromsø hos S. Scheen. Han fekk sett inn ein råoljemotor frå J. & C.G. Bolinder på 40 bHk, og selde skipet i 1916 til Harald Berg i Tromsø.

I oktober 1916 vart det innkjøpt av Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab og Det Bergenske Dampskibsselskab og sett inn i post- og passasjerrute mellom Tromsø og Svalbard. I 1920 vart «Pelikanen» selt til W. Holmboe i Tromsø som omdøypte skipet til «Mina I». I 1922 vart det selt vidare til Carl S. Sæther i Tromsø. Pollen Nilsen i Kabelvåg tok over skipet i 1928, og i 1930 fekk det namnet «Nord-Norge II».

Fartøyet stod i Flaggboken 1940, men ikkje i 1946. Det står ikkje i nokre oversikter over forliste fartøy i andre verdskrigen og kva lagnad skipet fekk er ukjend.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 36–57. Henta 26. april 2020.