DS «Titan» (1909)
Karriere | ![]() |
---|---|
Namn: | DS «Titan» |
Eigar: | Det Bergenske Dampskibsselskab |
Verft: | Bergen Mekaniske Verksted i Bergen |
Byggekostnad: | 30 269 kr[1] |
Verftsnummer: | 161 |
Jomfrutur: | Desember 1909 |
Heimehamn: | Bergen |
Kjennemerke: | MFVD - LFBY |
Lagnad: | Truleg opphogd 1961-1963 |
Generelle mål | |
Tonnasje: | 41 brt, 17 nrt |
Lengd: | 17,3 m |
Breidd: | 4,7 m |
Djupgang: | 2,6 m |
Installert effekt : | 110 iHk |
Framdrift: | 2 cyl. compound dampmaskin (BMV) |
Fart: | 9 knop |
DS «Titan» (kallesignal MFVD - LFBY) var ein dampdriven slepebåt bygt i 1909 for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) for bruk på Bergen hamn.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Slepebåten vart levert frå Bergen Mekaniske Verksted i desember 1909 for 30 269 kroner[1] og var i flåten til BDS i Bergen heilt fram til 1958. I september dette året vart båten omdøypt «Musca» og i november vart han selt til Brødrene Anda i Stavanger.[2] Han fekk då namnet «Jadarholm» og vart nytta i samband med opphogging av andre båtar.[3] I 1961 vart båten selt til Abraham Bjellebø i Fjelberg og i 1963 sletta frå skipsregistret.
Skipet
[endre | endre wikiteksten]Tonnasjen til skipet var ved levering 41 bruttoregistertonn og 17 nettoregistertonn. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tosylindra compound dampmaskin, levert av BMV. Oppgjeven yting var 110 iHk (indikerte hestekrefter) som gav ein toppfart på 9 knop.[1]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «D/S Titan». Sjøhistorie.no. Henta 28. desember 2019.
- ↑ Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 28. Henta 28. desember 2019.
- ↑ «Norwegian Homefleet - WW II - Ships starting with Ta through Ti». Warsailors. Henta 28. desember 2019.