Arno Allan Penzias

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arno Allan Penzias
Arno Penzias.jpg
Arno Allan Penzias
Fødd 26. april 1933 (80 år)
Munchen i Tyskland
Nasjonalitet Amerikansk
Område Fysikk
Institusjonar Bell Labs
Alma mater CCNY
Columbia University
Kjend for Kosmisk mikrobølgjebakgrunnsstråling
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1978)

Arno Allan Penzias (fødd 26. april 1933) er ein amerikansk fysikar ved Bell Laboratories i Holmdel i New Jersey.

Penzias og Robert Woodrow Wilson mottok Nobelprisen i fysikk i 1978 for oppdaginga av den kosmiske mikrobølgjebakgrunnsstrålinga. Penzias og Wilson delte halvparten av prispengane, medan den andre halvdelen vart tildelt Pjotr Kapitsa.

Han vart utdanna ved City College of New York og tilsett ved Bell Telephone Laboratories i New Jersey. Penzias studerte i lag med Robert Wilson radioemisjonar frå eit plasmaområde kring Mjølkevegen og påviste ei uniform bakgrunnsstråling som indikerte ein gjennomgåande varmeenergi, som tilsvarar kring 3 K i universet. Utrekningar etter big bang-teorien for opphavet til universet viser at slike forhold skulle finnast, og målingane deira vart derfor teke som eitt av dei sterkaste bevisa for at teorien er riktig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]