Owen Willans Richardson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Owen Willans Richardson
Niels BohrUpOwenWillansRichardsonDownSolvay1927.JPG
Niels Bohr og Richardson (høyre) under Solvary-konferansen i 1927
Fødd 26. april 1879
Dewsbury i Yorkshire i England
Død 15. februar 1959 (79 år)
Alton, Hampshire, England
Nasjonalitet Britisk
Institusjonar University of Cambridge
Princeton University
King's College London
Alma mater University of Cambridge
Doktorgradsrettleiar J. J. Thomson
Doktorgradsstudentar Arthur Compton
Clinton Davisson
Kjend for Edison-Richardson-effekt
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1928)
Hughesmedaljen (1920)

Sir Owen Willans Richardson (26. april 187915. februar 1959) var ein britisk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1928 «for hans arbeid med det termioniske fenomenet, og spesielt for oppdaginga av lova som er kalla opp etter han».[1]

Frå 1906 til 1914 var han professor ved Princeton University i USA, og frå 1914 til 1924 professor ved King's College i London. Han vart Research-professor ved Royal Society og Director of Research ved King's College frå 1924 til 1944. Han fekk nobelprisen i fysikk i 1928 for arbeid om elektron som vert sendt ut frå glødande metall, den såkalla Edison-Richardson-effekten, og særskild for oppdaginga av Richardson-lova, som viser korleis elektronstraumen frå overflata av eit metall er avhengig av temperaturen.

Han vart adla i 1939.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nobelprisen i fysikk 1928 (engelsk).