Willis Lamb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Willis Lamb
Willis Lamb 1955.jpg
Willis Eugene Lamb Jr. (1913-2008)
Fødd 12. juli 1913
Los Angeles i California i USA
Død 15. mai 2008 (94 år)
Tucson i Arizona i USA
Nasjonalitet Amerikansk
Institusjonar University of Arizona
University of Oxford
Yale
Columbia
Stanford
Alma mater University of California, Berkeley
Doktorgradsrettleiar J. Robert Oppenheimer
Doktorgradsstudentar Theodore Maiman
Marlan Scully
Kjend for Lambskift
Laserteori
Kvanneoptikk

Willis Eugene Lamb (12. juli 191315. mai 2008) var ein amerikansk fysikar som vann Nobelprisen i fysikk i 1955 «for oppdagingane hans vedrørande finstrukturen i spektrumet til hydrogenet». Lamb var professor ved University of Arizona College of Optical Sciences.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Han mottok ein Bachelor of Science i kjemi frå University of California, Berkeley i 1934 og i 1938 mottok han ein filosofisk doktorgrad i fysikk for det teoretiske arbeidet hans med spreiing av nøytron med krystall, under rettleiing av Robert Oppenheimer. Han var frå 1945 til 1951 professor ved Columbia University, og frå 1951 til 1955 ved Stanford University i California. Frå 1956 til 1962 var han professor i fysikk ved Oxford University i England, og frå 1962 til 1974 professor ved Yale University i Connecticut, og frå 1974 professor ved University of Arizona.

Under andre verdskrigen arbeidde han vesentleg med radar og mikrobølgjeteknikk, og seinare med mikrobølgjespektroskopi. Han undersøkte mellom anna energitilstandene i hydrogen og påviste ei oppsplitting i finstrukturen som var ulikt frå det ein skulle vente ifølgje teorien til Paul Diracs. Kjennskapen til dette avviket, Lamb-forskyvninga, har vore av grunnleggjande tyding for den seinare utviklinga av kvanteelektrodynamikken. Lamb fekk i 1955, saman med Polykarp Kusch, Nobelprisen i fysikk for denne oppdaginga. Han er òg kjent for ei rekkje andre viktige arbeid både av eksperimentell og teoretisk art innan kjernefysikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]