Max von Laue
| Max von Laue | |
![]() |
|
| Fødd | 9. oktober 1879 Pfaffendorf i Tyskland |
|---|---|
| Død | 24. april 1960 (80 år) Berlin i Tyskland |
| Nasjonalitet | Tysk |
| Institusjonar | Universitetet i Zürich Universitetet i Frankfurt Universitetet i Berlin Max-Planck-Gesellschaft |
| Alma mater | Universitetet i Strasbourg Universitetet i Göttingen Universitetet i München Universitetet i Berlin |
| Doktorgradsrettleiar | Max Planck |
| Doktorgradsstudentar | Leó Szilárd |
| Kjend for | Røntgendiffraksjon |
| Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (1914) |
Max von Laue (9. oktober 1879–24. april 1960) var ein tysk fysikar. Laue er særleg kjend for oppdaginga av interferensen til røntgenstrålene i 1912 saman med W. Friedrich og P. Knipping. For denne oppdaginga fekk dei Nobelprisen i fysikk i 1914. Den metoden han opphavleg brukte til å få fram interferensane, ved å sende røntgenstrålar gjennom ein krystall, vart seinare avløyst av Bragg-metoden, men i mange tilfelle blir metoden til Laue metode enno brukt. Interferensmønster som oppstår når røntgenstrålar passerer ein krystall, blir ofte kalla eit lauegram. Laue utførde òg viktige arbeid over relativitetsteori, kosmologi og superleiing.
Frå 1912 til 1914 var han professor i Zürich, frå 1914 til 1919 i Frankfurt am Main og frå 1919 til 1943 professor i Berlin og direktør ved Kaiser Wilhelm-instituttet i Berlin-Dahlem. Han var professor i Göttingen frå 1946 til 1951 og frå 1951 til 1958 var han direktør ved Fritz Haber-instituttet for fysikalsk kjemi i Berlin-Dahlem. I åra 1944–45 skreiv han ei bok om fysikkhistoria.
Laue vart i 1952 utnemnd til den tyske ordenen Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste.
Kjelder [endre]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Max von Laue» frå Wikipedia på bokmål, den 21. februar 2012.
- Max Felix Theodor Laue. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Max_felix_theodor_laue
- Fødde i 1879
- Døde i 1960
- Tyske fysikarar
- Nobelprisen i fysikk
- Pour le Mérite
- Folk frå Koblenz
- Eksperimentelle fysikarar
- Optiske fysikarar
- Medlemmar av Det pavelege vitskapsakademiet
- Medlemmar av Det russiske vitskapsakademiet
- Medlemmar av Det sovjetiske vitskapsakademiet
- Medlemmar av Royal Society
- Max Planck-medaljen
- Døde i trafikkulukker
- Fysikarar på 1900-talet
