Leo Esaki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Leo Esaki
Fødd 12. mars 1925 (89 år)
Osaka i Japan
Nasjonalitet Japansk
Kjend for Kvantetunnelering i tunneldiode
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1973)
IEEE Medal of Honor

Leo Esaki eller Esaki Leona (fødd 12. mars 1925 ) er ein japansk fysikar og nobelprisvinnar. Esaki vart tildelt halvparten av prispengane av Nobelprisen i fysikk 1973 saman med norskamerikanaren Ivar Giæver «for den eksperimentelle oppdaginga deira om tunnelfenomenet i høvesvis halvleiarar og superleiarar».[1][2] Den andre halvdelen vart tildelt engelskmanen Brian Josephson «for hans teoretiske føreseiingar av eigenskapane til ein superstraum gjennom ein tunnelbarriere, spesielt dei fenomena som allment vert kalla Josephson-effekt».

Esaki er kjend for oppfinninga si av Esaki-dioden som utnytta tunnellfenomenet. Denne forskinga vart gjort medan han var med Tokyo Tsushin Kogyo (no kjend som Sony). Han studerte fysikk ved Universitetet i Tokyo der han fekk ein Bachelor of science i 1947 og ein filosofisk doktorgrad i 1959. Han flytta til USA i 1960 og vart ein del av IBMs Thomas J. Watson Research Center der han vart partner i 1967.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Esaki, Leo, "Long Journey into Tunneling," Nobelforedraget, 12. desember 1973.
  2. Esaki, L ({{{utgjevingsår}}}) «New Phenomenon in Narrow Germanium p-n Junctions» – Physical Review, nr. 109, s. 603.