Andre Geim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Andre Konstantin Geim
Andre Geim 2010-1.jpg
Fødd 1. oktober 1958 (55 år)
Sotsji i Russisk SFSR i USSR
Bustad England
Nasjonalitet Nederlandsk og britisk
Kjend for Arbeid med grafén
Utmerkingar Ig Nobelprisen (2000)
Hughesmedaljen (2010)
Nobelprisen i fysikk (2010)

Andre Konstantin Geim (fødd 1. oktober 1958) er ein russisknederlandskbritisk fysikar og materialvitar. Han er oppdagar av karbonmaterialet grafén,[1] og har òg gjennomført eksperiment med magnetisk levitasjon som fekk ein frosk til å levitere.[2] Dette eksperimentet førte til at han vart tildelt Ig Nobelprisen i 2000, saman med Michael Berry.

Andre Geim vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 2010, saman med Konstantin Novoselov for oppdaginga av materialet grafén.

Geim avla doktorgraden sin ved instituttet for faststoffysikk innan Det russiske vitskapsakademiet. Han vart seinare professor ved Radboud universitet i Nijmegen i Nederland, og har sidan 2001 virka som professor ved University of Manchester. Han er medlem av Royal Society.

I 2010 vart Geim gjort til kommandør av Den nederlandske løves orden for medverkinga si til vitskapen i Nederland.[3]

Geim vart i 2012 utnemnd til Knight Bachelor.[4] Han vart dermed adla og fekk rett til å føre tiltaleformen sir føre namnet sitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. It’s a thinner winner bbc.co.uk 19th October 2006
  2. The Frog That Learned to Fly; webpage in Holland
  3. «Lintje voor Nobelprijswinnaars» (på nl). Brabants Dagblad. 
  4. New Year Honours List 2012, Directgov.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Andre Geim