J. Hans D. Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes Hans Daniel Jensen

FøddHans Daniel Jensen
25. juni 1907
Hamburg
Død11. februar 1973 (65 år)
Heidelberg
NasjonalitetTysk
Områdefysikk
Yrkefysikar, universitetslærar, kjernefysiker
InstitusjonarUniversitetet i Heidelberg
Gottfried Wilhelm Leibniz Universität Hannover
Alma materUniversitetet i Hamburg
DoktorgradsrettleiarWilhelm Lenz
MedlemDeutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Heidelberger Akademie der Wissenschaften

Johannes Hans Daniel Jensen (25. juni 190711. februar 1973) var ein tysk fysikar og nobelprisvinnar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1963, saman med Maria Goeppert-Mayer for oppdaginga deira om skalstrukturen til atomkjernene. (Eugene Wigner fekk prisen same år, men for sitt bidrag til teorien om atomkjernar og elementærpartiklar, spesielt gjennom oppdaginga og bruksområde av grunnleggende symmetriprinsipp.

Under andre verdskrigen jobba han for Nazitysklands kjernekraftprogram, kjend som Uranklubben, der han medverka med separering av uranisotopar. Etter krigen arbeidde Jensen som professor ved Universitetet i Heidelberg. Han var gjesteprofessor ved University of Wisconsin-Madison i Institute for Advanced Study i Indiana University og California Institute of Technology.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]