Peter Grünberg
| Peter Grünberg | |
| Fødd | 18. mai 1939 (74 år) Pilsen i Böhmen-Mähren |
|---|---|
| Nasjonalitet | Tyskland |
| Institusjonar | Carleton University Jülich Research Centre University of Cologne |
| Alma mater | Darmstadt University of Technology |
| Kjend for | Kjempemagnetoresistans |
| Utmerkingar | Wolfprisen i fysikk (2006) Nobelprisen i fysikk (2007) |
Peter Grünberg (fødd 18. mai 1939)) er ein tysk fysikar. Han fekk Nobelprisen i fysikk for 2007 saman med Albert Fert for arbeidet sitt med nanoteknologi. Grünberg oppdaga i 1988 GMR-effekten, som på 1990-talet drastisk auka lagringskapasiteten på harddiskaar. Alle moderne datamaskinar bygger på denne teknologien.
Grünberg studerte i Frankfurt og Darmstadt, der han tok doktorgraden i 1969 under Stefan Hüfner. Han var tre år ved Carleton-universitetet i Canada. Frå 1972 arbeidde han ved Forschungszentrum Jülich. I 1984 vart han Privatdozent og i 1992 professor ved universitetet i Köln. Han gjekk av med pensjon i 2004, og har sidan vore gjesteforskar ved Forschungszentrum Jülich.
I 1998 fekk Grünberg presidanten sin framtidspris for arbeidet sitt med GRM-effekten, og i 2006 vart han utnemnd til «årets europeiske oppfinnar» i kategorien universitet og forsking av Europakommisjonen. I 2007 fekk han Deutsche Physikalische Gesellschafts Stern-Gerlach-medalje og seinare same år Wolfprisen. 19. april 2007 fekk han Japan-prisen saman med Albert Fert; prisutdelinga skjedde i nærvær av det japanske keiserparet.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Peter Grünberg» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
Bakgrunnsstoff[endre]
- Kungliga vetenskapsakademiets pressemelding om Nobelprisen i fysikk 2007
- Grünbergs hemsida på Forschungszentrum Jülich
<