Pavel Aleksejevitsj Tsjerenkov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pavel Aleksejevitsj Tsjerenkov
Cerenkov.jpg
Fødd 28. juli 1904
Voronezj oblast i Det russiske keisardømet
Død 6. januar 1990 (85 år)
Moskva i Russland
Nasjonalitet Russisk
Institusjonar Lebedew-Instituttet
Alma mater Voronezh Statlege Universitet
Doktorgradsrettleiar Sergey Vavilov
Kjend for Tsjerenkovstråling
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1958)

Pavel Aleksejevitsj Tsjerenkov (russisk: Павел Алексеевич Черенков) (28 . juli 19046. januar 1990) var ein sovjetisk fysikar som vann Nobelprisen i fysikk i 1958 «for oppdaginga og tolkinga av tsjerenkoveffekten». [1]

I 1934 observert Tsjerenkov eit utslepp av blått lys frå ein flaske med vatn som var blitt utsett for radioaktiv stråling. Dette fenomenet som var knytt til atomære partiklar som flytta seg med snøggleik større enn lysfarten i det lokale mediet, viste seg å vere av stor tyding i seinare eksperimentelt arbeid innan atomfysikk, og for studiar av kosmisk stråling. Dette vart seinare kalla Tsjerenkov-effekten og er blitt ein del av standardutstyret i atom-forskinga for å observere eksistensen og snøggleiken til høgsnøggleikspartiklar.

Pavel A. Tsjerenkov har òg deltatt i utviklinga og bygginga av elektron-akseleratorer, og i undersøkingar av foto-kjernefysisk og foto-meson-reaksjonar.

Han vart tildelt ei rekke prisar i Sovjetunionen. Den første prisen fekk han i 1946, og han fekk ytterlegare to prisar i 1952 og 1977. I 1958 vart han tildelt Nobelprisen i fysikk for oppdaginga av Tsjerenkov-effekten. Han vart òg tildelt medalje og vart utnemnd som Helt av Sovjetunionen for det sosialistiske arbeidet sitt i 1984.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nobelprisen i fysikk 1958 (engelsk). Nobelprize.org. Vitja 22. feb. 2012.