Antony Hewish

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Antony Hewish
Fødd 11. mai 1924 (90 år)
Nasjonalitet Britisk
Område Radioastronomi
Kjend for Pulsarar
Utmerkingar Eddingtonmedaljen (1969)
Karl Schwarzschild-medaljen (1971)
Nobelprisen i fysikk (1974)
Hughesmedaljen (1977)

Antony Hewish (fødd 11. mai 1924) er ein britisk radioastronom og nobelprisvinnar.

Saman med landsmannen Sir Martin Ryle vart han tildelt nobelprisen i fysikk i 1974 for banebrytande arbeid innan radioastrofysikken: Ryle for sine observasjonar og oppfinningar, særskilt apertursynteseteknikken, og Hewish for innsatsen sin ved oppdaginga av pulsarane.

Etter utdanninga ved University of Cambridge slutta Hewish seg i 1946 til ei gruppe radioastronomar som vart leia av Sir Martin Ryle. Medan han leia eit forskingsprosjekt ved Mullard Radio Astronomy Observatory ved Cambridge i 1967, observerte ein av hans studenter, Jocelyn Bell, regelmessig pulserande radiosignal frå ei ukjend kjelde. Hewish forstod tydinga av observasjonen, og lukkast å konstatere at signala ikkje var interferens frå noko kjelde på jorda, men at dei måtte kome frå ei hittil ukjend type stjerne. Seinare har ein fastslått at denne typen signal vert sendt ut av hurtig rotererande nøytronstjerner. Tildelinga av nobelprisen til Hewish og Ryle, utan å verdsette innsatsen til Jocelyn Bell, er i ettertid blitt kritisert.

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]