Sin-Itiro Tomonaga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sin-Itiro Tomonaga
(朝永 振一郎)
Tomonaga.jpg
Fødd 31. mars 1906
Tokyo i Japan
Død 8. juli 1979 (73 år)
Tokyo i Japan
Institusjonar Institute for Advanced Study
Tokyo University of Education
Alma mater Kyoto Imperial University
Kjend for Kvanteelektrodynamikk
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1965)

Sin-Itiro Tomonaga (31. mars 19068. juli 1979) var ein japansk fysikar som hadde stor innverknad på utviklinga av kvantisering av partikkelfysikk. For sine mange kjende arbeid vart han saman med forskarane Richard Feynman og Julian Schwinger tildelt Nobelprisen i fysikk for 1965.

Etter endt skulegang i 1937 flytta han og byrja å arbeide i Leipzig der han mellom anna samarbeidde med forskergruppa til den kjende forskaren Werner Heisenberg. To år seinare returnerte han til Japan på grunn av utbrotet av den andre verdskrigen, men då hadde han gjort ferdig doktorgraden sin innan kjernefysikk som han hadde skrive avhandlinga si om medan han arbeidde i Leipzig.

I Japan vart han utnemnd til professor ved Tokyo University of Education (ein forløpar til det seinare Tsukuba University). Under krigen studerte han mellom anna magnetron, mesonteori, og «super-mange-time»-teori.

Etter at krigen var over vart han invitert av den amerikanske fysikaren Robert Oppenheimer til å arbeide ved Institute for Advanced Study ved Princeton Township.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]