William Henry Bragg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sir William Henry Bragg
Fødd 2. juli 1862
Wigton i Cumberland i England
Død 10. mars 1942 (79 år)
London i England
Bustad England
Nasjonalitet Britisk
Institusjonar University of Adelaide
University of Leeds
University College London
Royal Institution
Alma mater Cambridge University
Doktorgradsstudentar W. L. Bragg
Kjend for Røntgenkrystallografi
Merknader
Han var far til William Lawrence Bragg. Far og son delte Nobelprisen.

William Henry Bragg (2. juli 186210. mars 1942) var ein engelsk fysikar.

Bragg er kjent for arbeida sine med røntgenspektrografi og analyse av krystallstrukturar ved hjelp av røntgenstråler, og vart for dette tildelt Nobelprisen i fysikk for 1915 saman med sonen William Lawrence Bragg.

Bragg konstruerte dei første krystallspektrometra, medan ein trur prinsippet som dei bygger på, Bragg-lova, vart utleidd av sonen. Dei vert rekna som grunnleggjarane av den vitenskapsgren som ein kallar strukturanalyse og som no ikkje berre omfattar bruk av røntgenstråler, men òg elektron- og nøytronstråler.

Han var professor i fysikk i Adelaide i Australsambandet frå 1886 til 1908, og frå 1909 til 1915 var han professor i Leeds. Frå 1915 til 1925 var han professor ved University College i London, og fram til 1942 Fullerian professor i kjemi ved The Royal Institution i London og leiar av Davy–Faradays forskningslaboratorium.

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]