Albert Abraham Michelson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Albert Abraham Michelson
Albert Abraham Michelson2.jpg
Albert Abraham Michelson
Fødd 19. desember 1852
Strzelno i Kongeriket Preussen
Død 9. mai 1931 (78 år)
Pasadena, California
Nasjonalitet Amerikansk
Område Fysikk
Alma mater United States Naval Academy
Universitetet i Berlin
Doktorgradsrettleiar Hermann Helmholtz
Doktorgradsstudentar Robert Millikan
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1907)
Copleymedaljen (1907)
Royal Astronomical Societys gullmedalje (1923)
Merknader
Signaturen

Albert Abraham Michelson (19. desember 18529. mai 1931) var ein amerikansk fysikar født i dåverande Strelno i Preussen (no Strzelno i Polen)

Han vart utdanna i marinen og var instruktør ved US Naval Academy før han vart tilknytt Nautical Almanac Office til 1883. Tidleg i 1880-åra studerte han ved universiteta i Berlin, Heidelberg og Paris og vart professor i fysikk i Cleveland i Ohio i 1883, i Worcester i Massachusetts i 1890 og ved det nye Chicago University frå 1892. I 1925 slutta han som professor for å arbeide ved Mount Wilson Observatory i Pasadena. Medan han var i Berlin klarte Michelson å måle lyssnøggleiken særs nøyaktig. I 1881 fann han opp eit interferometer og nytta dette i eit forsøk der han viste at lyssnøggleiken målt i forhold til jorda var uavhengig av snøggleiken til jorda.

Han fekk i oppdrag av Den internasjonale komiteen for mål og vekt i å avgjere lengda av den internasonale meterprototypen i Paris i forhold til bølgjelengda av lys frå kadmium. I 1920 fann han ved hjelp av instrumenta sine diameteren til stjerna Betelgeuse, noko han var den første til å klare nøyaktig.

I 1907 fekk han Nobelprisen i fysikk for dei optiske presisjonsinstrumenta sine og dei meteorologiske undersøkingane som vart utført ved hjelp av desse. I 1911 vart han aresdoktor ved Universitetet i Oslo.

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]