Arthur Compton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arthur Holly Compton
Arthur Holly Compton.gif
Arthur Holly Compton
Fødd 10. september 1892
Wooster i Ohio i USA
Død 15. mars 1962 (69 år)
Berkeley i California i USA
Nasjonalitet Amerikansk
Område Fysikk
Institusjonar Washington University in St. Louis
University of Chicago
University of Minnesota
Alma mater College of Wooster
Princeton University
Doktorgradsrettleiar Owen Willans Richardson
H. L. Cooke
Doktorgradsstudentar Winston H. Bostick
Robert S. Shankland
Kjend for Comptoneffekt
Comptonlengde
Comptonspreiing
Comptonbølgjelengd
Comptonskift
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1927)
1940

Arthur Holly Compton (10. september 189215. mars 1962) var ein amerikansk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1927 «for oppdaginga av effekten som sida vart kalla opp etter han .»[1] Han delte prisen med C.T.R. Wilson, som fekk den for hans metode å gjere banene til elektrisk ladde partiklar synlege ved hjelp av kondensasjon av damp. [1]

Compton tok filosofisk doktorgrad i 1916 og vart lærer i fysikk ved University of Michigan same år. Han var tilsett ved Westinghous lamp co. i perioden 1917–19 og dreiv vitskaplege studiar ved University of Cambridge i 1990–20. I perioden 1920–23 var han professor ved Washington University og frå 1923 ved University of Chicago. [2]

Compton utførte store arbeider innan ein rekkje område av fysikken, først og fremst atomfysikken. Mellom anna utførte han bølgjelengdavgjersler av harde gammastrålar. Ved å sende foton på elektron kunne han viser korleis elektrona flytta seg og at lyset hadde fått ei ny bølgjelengd. Dette vart i 1923 kjend som comptoneffekten, som seinare førte til Nobelprisen i fysikk. Compton lukkast òg med å vise at røntgenstrålene, på same måte som det vanlege lyset, kunne totalreflekterast, og han var den første som med framgang nytta diffraksjonsgitter for absorpsjon av røntgenspektrum.[2]

Compton vart i 1954 utnemnd til den tyske ordenen Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste.

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Nobelprisen i fysikk 1927 (engelsk). Nobelprize.org. Vitja 22. feb. 2012.
  2. 2,0 2,1 Svensk uppslagsbok, Malmö 1931