Polykarp Kusch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Polykarp Kusch
Polykarp Kusch.jpg
Fødd 26. januar 1911
Blankenburg i Harz, Sachsen-Anhalt i Tyskland
Død 20. mars 1993 (82 år)
Dallas i Texas i USA
Institusjonar University of Texas at Dallas
Columbia University
Alma mater University of Illinois i Case Western Reserve University
Doktorgradsrettleiar F. Wheeler Loomis
Kjend for Måling av det magnetiske momentet til elektronet
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1955)

Polykarp Kusch (26. januar 191120. mars 1993) var ein amerikansk fysikar og nobelprisvinnar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1955 for sine presisjonsmålingar av elektronets magnetiske moment. Han delte prisen med Willis Eugene Lamb som fekk prisen for oppdagingane deira vedrørande finstrukturen i spektrumet til hydrogenet.

Han fekk ein Bachelor of science i fysikk ved Case Western Reserve University i 1931. I 1933 fekk han ein mastergrad ved University of Illinois og i 1936 ein filosofisk doktorgrad ved same stad. Store delar av karrieren sin var han professor ved Columbia University i New York, og fungerte som prost på universitet i mange år før han flytta over til det nyoppretta University of Texas i Dallas. I si tid ved Columbia var han doktorgradsrettleiar for Gordon Gould, oppfinnaren av laseren

Kjelder[endre | endre wikiteksten]