Richard E. Taylor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Richard Edward Taylor
Fødd 2. november 1929 (84 år)
Medicine Hat i Alberta
Institusjonar SLAC
LBL
École Normale Supérieure
Alma mater Stanford
University of Alberta
Doktorgradsrettleiar Robert F. Mozley
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1990)

Richard E. Taylor (fødd 2. november 1929 ) er ein canadisk fysikar.

Taylor mottok Nobelprisen i fysikk i 1990, saman med amerikanarane Jerome I. Friedman og Henry Way Kendall, for deira banebrytande undersøkingar om sterk uelastisk spreiing av elektron mot proton og bundne nøytron, som spelte ei avgjerande rolle i utviklinga av kvarkmodellen innan partikkelfysikken.

Forskinga som førte til Nobelprisen vart i fellesskap utført ved Stanford Linear Accelerator Center (SLAC) ved Stanford i California. Fleire eksperiment mellom 1967 og 1973 brukte dei partikkelakseleratorar for å rette ein stråle av elektron med høg energi mot proton og nøytron. Dei fann at den måten elektrona vert spreidd på ved kollisjonane indikerte at både proton og nøytron består av små elektrisk ladde partiklar. Etter kvart vart det klart at desse partiklane motsvarte kvarkane som hadde blitt foreslått av Murray Gell-Mann og George Zweig i 1964.

Taylor tok doktorgrad ved Stanford University i 1962, og fram til 1968 inngjekk han i forskarlaget ved Stanford Linear Accelerator Center. Han vart professor ved Stanford i 1970.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]