Frits Zernike
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Frederik Zernike | |
Frits Zernike (1888-1966) |
|
| Fødd | 16. juli 1888 Amsterdam i Nederland |
|---|---|
| Død | 10. mars 1966 (77 år) Amersfoort i Nederland |
| Nasjonalitet | Nederlandsk |
| Område | Fysikk |
| Institusjonar | Universitetet i Groningen |
| Alma mater | Universitetet i Amsterdam |
| Kjend for | Ornstein–Zernike-ligning Zernike-polynomer Fasekontrastmikroskopi |
| Utmerkingar | Rumfordmedaljen (1952) Nobelprisen i fysikk (1953) |
Frederik (Frits) Zernike (16. juli 1888–10. mars 1966) var ein nederlandsk fysikar.
Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1953 for utviklinga og oppdaginga av fasekontrast, ein optisk teknikk som gjør det mogeleg å studere særs fine strukturar i levande celler gjennom mikroskop. Zernike gjorde oppdaginga i 1930, men først i 1941 vart fasekontrastmikroskopet sett i produksjon i Tyskland. Teknikken har hatt og har framleis stor tyding innan medisinsk forsking, og vert òg nytta mellom anna til rutineundersøkingar av bakteriar, protozoar og vev.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Frits Zernike» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.