Felix Bloch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Felix Bloch er òg namnet på en amerikansk diplomat, fødd 1935.
Felix Bloch
Felix Bloch, Stanford University.jpg
Felix Bloch (1905-1983)
Fødd 23. oktober 1905
Zürich i Sveits
Død 10. september 1983 (77 år)
Zürich i Sveits
Statsborgarskap Sveitsisk
Amerikansk (fra 1939)
Nasjonalitet Sveitsisk
Institusjonar Stanford University
Alma mater ETH Zürich
Universität Leipzig
Doktorgradsrettleiar Werner Heisenberg
Kjend for NMR
Blochvegg
Blochfunksjon
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1952)

Felix Bloch (23. oktober 190510. september 1983) var ein sveitsisk-fødd fysikar som vart amerikansk statsborgar i 1939.

Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1952 saman med Edward Mills Purcell for utviklinga deira av nye metodar for kjernemagnetiske presisjonsmålingar og dei oppdagingane som kom med denne metoden. I 1979 vart han utnemnd til den tyske ordenen Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste.

Han tok utdanning i Zürich og Leipzig og reiste frå Tyskland i 1933. Frå 1934 var han professor ved Stanford University i California. Bloch arbeidde først med teoretisk fysikk, der han er kjent for undersøkingar av den elektriske leiingsevna til metall og for arbeid med ferromagnetisme. Han var den første som målte det magnetiske momentet til nøytron (1939). Under andre verdskrigen arbeidde han ei tid i Manhattenprosjektet under utviklinga av den første atombomba og seinare med utvikling av mottiltak mot radar. Han fann i 1945 ein måte å måle det magnetiske momentet til atomkjernar ved resonansabsorpsjon av radiobølgjer. Same metoden var, uavhengig av han, utvikla av E. M Purcell omtrent samstundes, og dei vart saman tildelt Nobelprisen for 1952 for denne oppdaginga. Bloch var i 1954–55 den første generaldirektøren for CERN i Genève.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]