Otto Stern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Otto Stern
Otto Stern.jpg
Fødd 17. februar 1888
Sohrau i Kongeriket Preussen
Død 17. august 1969 (81 år)
Berkeley i California i USA
Nasjonalitet Tysk
Institusjonar Universität Rostock
Universität Hamburg
Carnegie Institute of Technology
University of California, Berkeley
Alma mater Universität Breslau
Universität Frankfurt
Kjend for Spinn
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1943)

Otto Stern (17. februar 188817. august 1969) var ein tysk fysikar og nobelprisvinnar. Ti år etter at han flykta frå heimlandet til USA, vart han tildelt Nobelprisen i fysikk «for medverkinga si til utviklinga av den molekylære strålingsmetoden og oppdaginga hans av det magnetiske momentet til protonet»[1]


Stern fullførte studia sine ved Universitetet i Breslau i 1912 med ein doktorgrad i fysikalsk kjemi. Han følgde så Albert Einstein til Karlsuniversitetet i Praha og seinare til ETH Zürich. Stern mottok habilitasjonen sin ved Johann Wolfgang Goethe-Universität i Frankfurt i 1915 og i 1921. Han vart seinare professor ved Universitetet i Rostock, som han forlet i 1923 for å jobbe med det nyleg grunnlagte Institut für Physikalische Chemie ved Universitetet i Hamburg.

Etter at han gjekk av frå stillinga ved Universitetet i Hamburg i 1933 då nazistane tok over makta, vart han professor i fysikk ved Carnegie Institute of Technology, og seinare professor emeritus ved University of California, Berkeley.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nobelprisen i fysikk 1943 (engelsk). Nobelprize.org. Vitja 2011-02-08.