Martinus J.G. Veltman
| Martinus Justinus Godefriedus Veltman | |
| Fødd | 27. juni 1931 (81 år) Waalwijk i Nederland |
|---|---|
| Nasjonalitet | Nederlandsk |
| Institusjonar | University of Michigan-Ann Arbor Universitetet i Utrecht |
| Alma mater | Universitetet i Utrecht |
| Doktorgradsstudentar | Gerardus 't Hooft |
| Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (1999) |
Martinus J.G. Veltman (fødd 27. juni 1931 ) er ein nederlandsk fysikar. Veltmann er kjent for pionerarbeidet sitt med renormalisering av gaugeteoriar. Som nyutnemnd professor ved Rijks Universiteit utvikla han eit dataprogram, Schoonship, som utførte algebraiske forenklingar av dei kompliserte uttrykka som alle kvantefeltteoriar resulter i når ein vil gjere utrekningar. Ved hjelp av dette programmet blei det mogeleg å verifisere de resultata som studenten hans Gerardus 't Hooft hadde kome fram til, og saman utarbeidde dei ein detaljert utrekningsmetode som mellom anna gjorde det mogeleg å rekne ut massen til toppkvarken.
Veltman vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1999, saman med 't Hooft, for sine avgjerande innsatser innan kvantestrukturen til teorien for elektrosvak vekselverknad i fysikken.
Han tok doktorgrad i fysikk ved universitetet i Utrecht i 1963, der han òg var professor i perioden 1966–81. Han var òg professor ved University of Michigan frå 1981 og fram til han gjekk av med pensjon.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Martinus J. G. Veltman» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.