Victor Francis Hess

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Victor Francis Hess
Hess.jpg
Fødd 24. juni 1883
Peggau i Austerrike
Død 17. desember 1964 (81 år)
Mount Vernon i Westchester County i New York i USA
Nasjonalitet Austerrikskamerikansk
Institusjonar Universität Graz
Det austerrikske vitskapsakademiet
Universität Innsbruck
Fordham University
Alma mater Universität Graz
Kjend for Oppdaginga av kosmisk stråling
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1936)

Victor Franz Hess (Victor Francis Hess) (24. juni 188317. desember 1964) var ein austerrikskamerikansk fysikar, kjent for studium av radioaktivitet og kosmisk stråling. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1936 «for oppdaginga av kosmisk stråling». [1] Han delte prisen med Carl David Anderson, som fekk han «for oppdaginga av positron».[1]

Han var professor i fysikk universiteta i Graz (1920-21, 1923-30 og 1937-38) og Innsbruck (1931-1937). I perioden 1921-1932 var han direktør for U.S. Radium Corporations forskingslaboratorium i New Jersey. Kona hans var jødisk, og i 1938 flytta han derfor til USA med familien sin for å unngå nazistisk forfølging, og vart utnemnd til professor ved Fordham University same år, noko han var fram til 1952. Han vart seinare amerikansk statsborgar.

Hess gjorde i åra 1911–14 saman med Werner Kolhörster ei rekkje ballongoppstigingar til over 5000 m, og påviste då med ionisasjonskammer at den radioaktive strålinga auka med høgda. For oppdaginga av denne kosmiske strålinga fekk han 1936 saman med Carl David Anderson Nobelprisen i fysikk.

Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Hess, Victor F. (1928) The Electrical Conductivity of the Atmosphere and Its Causes – Constable & Company.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Nobelprisen i fysikk 1936 (engelsk). Nobelprize.org. Vitja 22. feb. 2012.