Georges Charpak
| Georges Charpak | |
Georges Charpak i 2005 |
|
| Fødd | 1. august 1923 Davrovica i noverande Ukraina, dåverande Polen |
|---|---|
| Død | 29. september 2010 (87 år) Paris i Frankrike |
| Nasjonalitet | Polsk og Fransk |
| Kjend for | Trådkammer |
| Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (1992) |
Georges Charpak (1. august 1924 –29. september 2010 ) er ein polsk-fransk fysikar.
Charpak vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1992 for oppfinninga hans og utviklinga av partikkeldetektorar, spesielt trådkammeret.
Oppfinninga til Charpak mogleggjorde oppdaginga av særs kortlevde og sjeldne partiklar. Detektoren leverer data direkte til tilkopla dataer som kan analysere store mengder data. Dette gjer det mogeleg å studere forløp med både større oppløysing og tettere tidsintervall enn det som tidligere var mogeleg med for døme boblekammer.
Charpak tok doktorgrad i kjernefysikk ved Collège de France i Paris i 1954, og byrja å jobbe ved CERN i Geneve i 1959. I 1984 vart han Joliot-Curie professor ved École Supérieure de Physique eit Chimie i Paris, og i 1985 vart han medlem av det franske vitskapsakademiet.
[endre] Bøker
- La vie à fil tendu,Saman med Dominique Saudinos (1993 Odile Jacob, ISBN 2-7381-0214-X)
- Devenez sorciers, devenez savanns, saman med Henri Broch (Odile Jacob, ISBN 90-581-4005-9)
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Georges Charpak» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.