Philip Warren Anderson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Philip Warren Anderson
Andersonphoto.jpg
Fødd 13. desember 1923 (91 år)
Indianapolis, Indiana i USA
Nasjonalitet United States
Institusjonar Bell Laboratories
Princeton University
Cambridge University
Alma mater Harvard University
United States Naval Research Laboratory
Doktorgradsrettleiar John Hasbrouck van Vleck
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1977)

Philip Warren Anderson (fødd 13. desember 1923 ) er ein amerikansk fysikar. Han vart utdanna ved Harvard, og var elev av John van Vleck. Anderson var professor ved Cambridge University i London frå 1967 til 1975 og assisterande direktør ved Bell Telephone Laboratories i New Jersey i 1975-1976 og frå 1976 konsultativ direktør same stad. Frå 1975 var han professor ved Princeton University.

Anderson vidareutvikla van Vleck sine idear og forklarte korleis lokale magnetiske moment kan opptre i metall som i rein form er umagnetiske, til dømes kopar og sølv. Han har òg levert vesentlege bidrag til kunnskapen om uordna system.

I 1977 fekk han Nobelprisen i fysikk saman med Nevill Francis Mott frå Storbritannia og John H. van Vleck frå USA «for det grunnleggande teoretiske arbeidet deira med elektronisk struktur i magnetiske og uordna system».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]