John Hasbrouck Van Vleck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Hasbrouck Van Vleck
Fødd 13. mars 1899
Middletown i Connecticut, USA
Død 27. oktober 1980 (81 år)
Cambridge i Massachusetts, USA
Nasjonalitet Amerikansk
Institusjonar University of Minnesota
University of Wisconsin-Madison
Harvard University
University of Oxford
Balliol College
Alma mater University of Wisconsin-Madison
Harvard University
Doktorgradsrettleiar Edwin C. Kemble
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1977)

John Hasbrouck Van Vleck (13. mars 189927. oktober 1980) var ein USA-amerikansk fysikar og matematikar. Han fekk Nobelprisen i fysikk i 1977 saman med landsmannen Philip Warren Anderson og briten Neville Francis Mott «for sine grunnleggjande teoretiske utforskingar av den elektroniske strukturen til magnetiske og uorganiserte system».

John Hasbrouck Van Vleck vart fødd i Middletown i Connecticut, men voks opp i Madison, Wisconsin. Han var av nederlandsk ætt, og både far og farfar hans var kjende matematikarar. Etter å ha studert ved University of Wisconsin–Madison, tok han doktorgrad ved Harvard University som han fullførte i 1922. Han slo seg til slutt til ro som fysikkprofessor ved Harvard, og han skreiv mykje faglitteratur.

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]