Nevill Francis Mott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nevill Francis Mott
Mott,Nevill Francis 1952 London.jpg
Nevill Francis Mott, London 1952
Fødd 30. september 1905
Leeds i England
Død 8. august 1996 (90 år)
Milton Keynes i Buckinghamshire i England
Nasjonalitet Britisk
Institusjonar University of Manchester
Gonville and Caius College, Cambridge
University of Bristol
Alma mater St John's College, Cambridge
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1977)

Nevill Francis Mott (30. september 19058. august 1996) var ein britisk fysikar som fekk Nobelprisen i fysikk i 1977 saman med John H. van Vleck og Philip Warren Anderson for arbeidet deira med magnetiske og elektroniske element.

Mott vart i 1962 slått til riddar[1] og fekk då rett til å føre tiltaleforma Sir føre namnet sitt. I 1995 vart han utnemnd til Order of the Companions of Honour.

Mott var professor i teoretisk fysikk i Bristol frå 1933 til 1954, og frå då og fram til 1971 professor i eksperimentell fysikk og styrer av Cavendish-laboratoriet i Cambridge. Frå 1971 til 1978 var han seniorforskar ved Imperial College i London. Mott gjorde seg merka i 1930 for ein kvantemekanisk handsaming av spreiing av alfapartiklar mot heliumkjerner. Han påviste at det på grunn av bølgjenaturen til partiklane ville det bli interferens mellom identiske partiklar. Den eksperimentelle påvisinga av dette tilhøve, som umiddelbart følgde, var ein av dei tidlege triumfane til kvantemekanikken. Dei seinare arbeida til Mott var særleg i tilknyting til rørsla til elektron i metall og halvleiarar.

Mott er òg kjent som forfattar av lærebøker i kvantefysikk.

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. London Gazette, 29. desember 1961.