Yoichiro Nambu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
南部 陽一郎
Yoichiro Nambu
YoichiroNambu.jpg
Fødd 18. januar 1921 (93 år)
Tokyo, Japan
Institusjonar Universitetet i Tokyo (1942-49)
Osaka City University (1949-52)
Institute for Advanced Study (1952-54)
University of Chicago (1954-)
Kjend for Spontant symmetribrot
Utmerkingar Diracmedaljen (1986)
Wolfprisen i fysikk (1994/1995)
Nobelprisen i fysikk (2008)

Yoichiro Nambu (fødd 18. januar 1921) er ein japansk-amerikansk fysikar og professor ved University of Chicago. Han er kjent for bidraga sine til fagfeltet teoretisk fysikk.

I 1952 vart han invitert til Institute for Advanced Study in Princeton i New Jersey for å studere. Han flytta til University of Chicago i 1954 og vart utnemnt til professor i 1958. Han fekk det amerikanske statsborgarskapet sitt i 1970.

Nambu har vunne ei rekkje utmerkingar og prisar, mellom anna J. Robert Oppenheimer Prize, USAs National Medal of Science, Japan Order of Culture, Planck-medaljen og Wolfprisen i fysikk. Han vart tildelt halvparten av Nobelprisen i fysikk i 2008 for oppdaginga av spontan brotsymmetri i subatomær fysikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]