Jack Kilby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jack Kilby
Fødd 8. november 1923
Jefferson City i Missouri i USA
Død 20. juni 2005 (81 år)
Dallas i Texas i USA
Nasjonalitet Amerikansk
Institusjonar Texas Instruments
Utmerkingar IEEE Medal of Honor (1966)
Nobelprisen i fysikk (2000)

Jack St. Clair Kilby (8. november 192320. juni 2005) var ein amerikansk fysikar og vinnar av Nobelprisen i fysikk i år 2000. Han vart tildelt prisen «for bidraget hans til oppfinninga av den integrerte kretsen» (mikrobrikka). Han vart tildelt halve prissummen, og den andre halvparten gjekk til tyske Herbert Kroemer og russiske Zjores Alfjorov «for utvikling av halvleiarheterostrukturar brukt i høgsnøggleiks- og optoelektronikk».

Kilby fekk ein bachelor of science frå University of Illinois at Urbana-Champaign der han er æresmedlem av Acacia Fraternity, og i 1947 fekk han ei grad i elektroteknikk. Han tok vidare ein mastar of science i elektroteknikk frå University of Wisconsin i Milwaukee samstundes som han jobba ved Centralab i Milwaukee.

Kilby var tilsett ved Texas Instruments sidan 1958 og professor ved Texas A&M University 1978-85.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]