Ilja Frank

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ilja Mikhajlovitsj Frank
Ilya Frank.jpg
Fødd 23. oktober 1908
Død 22. juni 1990 (81 år)
Institusjonar Statsuniversitetet i Moskva
Alma mater Statsuniversitetet i Moskva
Kjend for Tsjerenkovstråling
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1958)

Ilja Mikhajlovitsj Frank (23. oktober 190822. juni 1990) var ein sovjetisk vinnar av Nobelprisen i fysikk i 1958 saman med sine medforskarar Pavel Tsjerenkov og Igor Tamm, som òg var frå Sovjetunionen. Han mottok Nobelprisen for sitt inngående arbeid med å forklare fenomenet tsjerenkovstråling.

Frank vart ferdig uteksaminert frå Statsuniversitetet i Moskva i 1930. Forskaren Pavel Tsjerenkov oppdaga i 1934 at lyset vert sleppt ut av ladde partiklar som reiser i særs høg snøggleik gjennom vatn. Frank og Tamm gav ut den teoretiske forklaringa på denne effekten, som oppstår når partiklar reiser gjennom eit optisk transparent medium med snøggleik som er større enn lyssnøggleiken i dette mediet. Denne oppdaginga resulterte i ei utvikling av stadig nye metodar for å oppdage og måle farten til kjernefysiske partiklar av høg snøggleik og vart av stor tyding innan forsking på kjernefysikk. Tsjerenkovstråling er eit omgrep som framleis blir mykje brukt innan biomedisinsk forsking for deteksjon av radioaktive isotopar.

Arbeidet til Frank omfatta òg samarbeid med Tsjerenkov og Tamm når det gjaldt forsking på elektronisk stråling. Frank hadde òg spesialisert seg på studiet av gammastråling og nøytronstråler. Han vart seinare leiar for avdelinga for fysikk ved Moscow State University i 1944 og han vart utnemnd til medlem av Det sovjetiske vitskapsakademiet i 1946. Frank var den eine sonen til den kjende russiske matematikeren Mikhail Frank og han var ein nevø av den kjende kristne filosofen Semen Frank.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]