Heinrich Rohrer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Heinrich Rohrer
Rohrer.jpg
Heinrich Rohrer
Fødd 6. juni 1933 (80 år)
Buchs i Sankt Gallen
Nasjonalitet Sveitsisk
Kjend for Scanning tunneling mikroskop (STM)
Utmerkingar 1986
Elliott Cresson-medaljen (1987)

Heinrich Rohrer (6. juni 193316. mai 2013) var ein sveitsisk fysikar. Rohrer mottok Nobelprisen i fysikk i 1986 saman med Gerd Binnig for å ha konstruert Scanning-tunneling-mikroskop (STM). Den andre halvdelen av prisen vart tildelt Ernst Ruska for hans grunnleggjande elektronoptiske arbeid, og for konstruksjon av det første elektronmikroskopet.

Rohrer byrja på EHT Zürich i 1951, der han studerte saman med Wolfgang Pauli. Hans doktoravhandling handla om arbeid med å måle lengdeendringar i superleiarar ved magnetfeltinduserte superleiiande overgangar, eit prosjekt starta av Jörgen Lykke Olsen. I løpet av forskinga fann han ut at han måtte gjere det meste av forskinga om natta, etter at byen hadde stilna, fordi målingane vart så lett påverka av vibrasjonar.

Studiane vart avbrotne av militærteneste i det sveitsiske fjellinfanteriet. I 1961 gifta han seg med Rose-Marie Egger. Bryllupsreisa til USA inkluderte ei avgrensa forsking på termisk leiingsevne av type II-superleiarar og metall saman med Bernie Serin ved Rutgers University i New Jersey.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]