Robert B. Laughlin
| Robert Betts Laughlin | |
![]() |
|
| Fødd | 1. november 1950 (62 år) Visalia i California i USA |
|---|---|
| Nasjonalitet | Amerikansk |
| Institusjonar | Stanford |
| Alma mater | MIT UC Berkeley |
| Kjend for | Kvante Hall-effekten |
| Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (1998) |
Robert B. Laughlin (fødd 1. november 1950) er ein amerikansk fysikar.[1]
Laughlin mottok Nobelprisen i fysikk i 1998, saman med Horst Ludwig Störmer og Daniel C. Tsui, «for oppdagingane deira av ein ny form for kvantevæske med fraksjonelt ladde eksitasjonar».[2]
Han vart løna med Nobelprisen for å ha oppdaga at elektron opptrer saman i sterke magnetiske felt, og kan danne nye typar «partiklar» med ladningar som er ein brøkdel av ladninga til elektronet. Störmer og Tsui gjorde oppdaginga i 1982 under eit eksperiment der dei utnytta ekstremt sterke magnetfelt og låge temperaturar. Innan eitt år etter oppdaginga lukkast det Laughlin å forklare resultatet dei fekk. Gjennom teoretisk analyse viste han at elektrona i eit sterkt magnetfelt kan kondensere og danne ei slags kvantevæske, som minna om dei kvantevæsker som oppstår ved superleiing og i flytande helium.
Laughlin tok doktorgrad i fysikk ved Massachusetts Institute of Technology i 1979, og har sidan 1989 vore professor ved Stanford University
I 2008 heldt Laughlin «The Lars Onsager Lecture» ved NTNU.[3]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Robert B. Laughlin» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Robert B. Laughlin - Biographical», Nobelprize.org.
- ↑ «The Nobel Prize in Physics 1998», Nobelprize.org, besøkt 18. september 2011.
- ↑ «The Lars Onsager Lecture», NTNU, besøkt 18. september 2011.
