Pieter Zeeman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pieter Zeeman

Pieter Zeeman (fødd 25. mai 1865 i Zonnemaire i Schouwen-Duiveland, Zeeland, død 9. oktober 1943 i Amsterdam) var ein nederlandsk fysikar. Han var eleven til Hendrik Lorentz og arbeidde mellom anna med Lorentz' teori om at atoma består av ladde partiklar som gjennom svinging skapar lys. Etter ein serie med forsøk kunne han bevisa det som i dag blir kalla zeemaneffekten.

Zeeman blei i 1900 professor i fysikk ved universitetet i Amsterdam, der han blei resten av livet. Heilt til han døydde heldt han fram med forskinga på forplantninga lyset set i ulike medium.

Zeeman fekk saman med sin gamle lærar Hendrik Lorentz Nobelprisen i fysikk i 1902 for oppdaginga av zeemaneffekten.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pieter Zeeman