Donald A. Glaser
| Donald Arthur Glaser | |
Donald A. Glaser |
|
| Fødd | 21. september 1926 (86 år) Cleveland i Ohio |
|---|---|
| Område | Fysikk |
| Institusjonar | University of Michigan University of California at Berkeley |
| Alma mater | Case Western Reserve University i California Institute of Technology |
| Doktorgradsrettleiar | Carl David Anderson |
| Kjend for | Boblekammer |
| Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (1960) Elliott Cresson-medaljen (1961) |
Donald Arthur Glaser (fødd 21. september 1926 ) er ein amerikansk fysikar og nevrobiolog. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1960 «for oppfinninga av boblekammeret».
Glaser fullførte sin Bachelor of science i fysikk og matematikk ved Case Western Reserve University i 1946, og fullførte sin filosofiske doktorgrad i fysikk ved California Institute of Technology i 1949. Han godtok ei stilling som instruktør ved University of Michigan og vart forfremma til professor i 1957. Videre vart han ein del av fakultetet ved University of California, Berkeley som professor i fysikk i 1959. Under denne tida omfatta forskinga hans kortlevde elementærpartiklar. Boblekammeret tillet han å observere mønstra og levetida for partiklane.
Frå 1962 endra Glaser forskingsfelt til molekylærbiologi og han starta med eit prosjekt om kreft indusert av ultrafiolett stråling. I 1964 vart han gjeven tilleggstittelen professor i molekylærbiologi. Glasers noverande stilling (sidan 1989) er professor i fysikk og nevrobiologi.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Donald A. Glaser» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.