Pjotr Kapitsa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pjotr Leonidovitsj Kapitsa
KustodiyevSemenov Kapitsa.JPG
Pjotr Kapitsa (til venstre) og Nikolaj Semjonov. Måleri av Boris Kustodijev, 1921
Fødd 8. juli 1894
Kronstadt i Det russiske keisardømet
Død 8. april 1984 (89 år)
Statsborgarskap Russisk
Sovjetisk
Nasjonalitet Russisk
Kjend for Superfluid
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1978)

Pjotr Leonidovitsj Kapitsa (russisk: Пётр Леонидович Капица) (8. juli 18948. april 1984 ) var ein sovjetisk fysikar. Han mottok Nobelprisen i fysikk i 1978 for sine grunnleggande oppfinningar og oppdagingar innan lågtemperaturfysikken. Kapitsa mottok den eine halvdelen av prispengane, medan den andre halvdelen vart delt av Arno Penzias og Robert Woodrow Wilson.

Frå 1921 til 1934 var han knytt til Cavendish Laboratory i Cambridge, der han arbeidde med Ernest Rutherford. Frå 1930 til 1935 var han òg professor ved Royal Society og direktør for Mond-laboratoriet i Cambridge. Han vart direktør ved Vavilov-instituttet i 1935. I 1946 vart han fjerna frå denne stillinga av Stalin fordi han ikkje ynskte å delta i utviklinga av kjernevåpen, men fekk stillinga attende i 1955. Samstundes vart han då professor ved Moskva fysisk-tekniske institutt.

Kapitsa vart i 1966 innvalt som utenlandsk medlem av Kungliga Vetenskapsakademien. Han vart utnemnt til æresdoktor ved Universitetet i Oslo i 1946.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]