William Daniel Phillips
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| William Daniel Phillips | |
| Fødd | 5. november 1948 (64 år) Wilkes-Barre i Luzerne County i Pennsylvania |
|---|---|
| Nasjonalitet | Amerikansk |
| Institusjonar | NIST University of Maryland, College Park |
| Alma mater | MIT Juniata College |
| Kjend for | Laserkjøling |
| Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (1997) |
William Daniel Phillips (fødd 5. november 1948 ) er ein amerikansk fysikar av italiensk og walisisk opphav. Phillips vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1997, saman med Steven Chu og Claude Cohen-Tannoudji, «for utviklinga av metodar for å kjøle og fange atom med laserlys».
Phillips tok doktorgrad i fysikk ved Massachusetts Institute of Technology i Cambridge, i 1976 med ein avhandling om magnetisk moment i proton i H2O. seinare utførte han arbeid med Bose-Einstein-kondensasjon. Phillips er òg professor i fysikk ved University of Maryland, College Park.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «William Daniel Phillips» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.