Luis Walter Alvarez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Luis W. Alvarez
LWA Picture Final.jpg
Fødd 13. juni 1911
San Francisco i California i USA
Død 1. september 1988 (77 år)
Berkeley, California
Institusjonar University of California, Berkeley
Alma mater University of Chicago
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1968)

Luis Walter Alvarez (13. juni 19111. september 1988) var ein amerikansk fysikar og nobelprisvinnar. Alvarez mottok 1968 for sine bidrag til elementær partikkelfysikk, spesielt oppdaginga av mange resonanstilstandar mogeleggjort gjennom utviklinga av teknikken med å bruke hydrogenboblekammer og dataanalysar. Alvarez tilbrakte nesten heile karrieren sin ved fakultetet ved University of California, Berkeley.

Han var professor frå 1945 ved University of California, Berkeley. Under andre verdskrigen gav han viktige bidrag til utviklinga av radarteknikken og fann mellom anna opp eit radarlandingssystem (sjå GCA-systemet) for fly. Han utførde sidan grunnleggjande arbeid innan kjerne- og elementærpartikkelfysikk. Han vart kjent for undersøkingar av dei magnetiske eigenskapane til nøytronet, for konstruksjon av ein lineærakselerator for proton og for studium av kosmisk stråling. I 1968 fekk han Nobelprisen i fysikk for utviklinga av hydrogen-boblekammeret.

I 1980 offentleggjorde Alvarez oppdaginga av at eit nokre centimeter tjukt lag mellom avsetjingane frå kritt- og tertiær-periodane (den såkalla K-T-grensa, for 65 millionar år sidan) inneheldt påfallande høge konsentrasjonar av platinametallet iridium. Iridium er særs sjeldan i jordskorpa, men finst i langt høgare konsentrasjonar i meteorittar. Funnet viste at jorda på det tidspunktet hadde vorte treft av eit stort objekt, truleg ein asteroide, og det nestan totale fråværet av pollen i det same laget viste at nedfallet hadde utløyst ein global katastrofe. K-T-grensa samsvarar med det tidsområdet då dinosaurane, og dessutan ei rekkje andre dyre- og plantearter, vart utrydda. Oppdaginga reknast difor som eit sterkt indisium for at dinosaurane vart utrydda av ein asteroide. Seinare har nedslaget vorte knytt til det enorme delvis undersjøiske Chicxulubkrateret ved Yucatanhalvøya i Mexico.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]