Alfred Kastler
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Alfred Kastler | |
Alfred Kastler |
|
| Fødd | 3. mai 1902 Guebwiller i Alsace |
|---|---|
| Død | 7. januar 1984 (81 år) Bandol |
| Nasjonalitet | Fransk |
| Område | Fysikk |
| Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (1966) |
Alfred Kastler (3. mai 1902–7. januar 1984) var ein tysk-fødd fransk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1966 «for oppdaginga og utviklinga av optiske metodar for å studere Hertzian-resonans i atom», såkalla optisk pumping.
Etter å ha fullført studiane i 1926 byrja han å undervise i fysikk ved Lycée i Mulhouse før han seinare underviste ved Universitetet i Bordeaux der han var universitetsprofessor fram til 1941. Georges Bruhat bad han kome tilbake til École Normale Supérieure der han til slutt fekk ein plass i styret i 1952.
Kastler tilbrakte det meste av forskarkarrieren sin ved Ecole Normale Supérieure i Paris der han saman med studenten sin Jean Brossel starta ei lita forskingsgruppe på spektroskopi etter andre verdskrigen.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Alfred Kastler» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.