Henry Way Kendall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henry Way Kendall

Fødd9. desember 1926
Boston
Død15. februar 1999
Wakulla County
NasjonalitetUSA
Områdefysikk
Yrkefysikar, fjellklatrer, universitetslærar
InstitusjonarMassachusetts Institute of Technology
Alma materAmherst College
Massachusetts Institute of Technology
Deerfield Academy
United States Merchant Marine Academy
Stanford University
DoktorgradsrettleiarMartin Deutsch
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences
American Association for the Advancement of Science
American Physical Society
National Academy of Sciences

Henry Way Kendall (9. desember 1926 15. februar 1999) var ein amerikansk fysikar

Kendall mottok Nobelprisen i fysikk i 1990, saman med amerikanarane Richard E. Taylor og Jerome Isaac Friedman, for dei banebrytande undersøkingane deira om sterkt uelastisk spreiing av elektron mot proton og bundne nøytron, som spelte ei avgjerande rolle i utviklinga av kvarkmodellen innan partikkelfysikken.

Forkningen som førte til Nobelprisen vart i fellesskap utført ved Stanford Linear Accelerator Center (SLAC) ved Stanford i California. I fleire eksperiment mellom 1967 og 1973 brukte de partikkelakseleratorar for å rette ein stråle av elektron med høg energi mot proton og nøytron. Dei fann den måten elektrona vart spreidd på ved kollisjonane indikerte at både proton og nøytron består av små elektrisk ladde partiklar. Etter kvart vart det klart at desse partiklane motsvarte kvarkane som hadde blitt foreslått av Murray Gell-Mann og George Zweig i 1964.

Kendall tok doktorgrad ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) i 1955. Han forska ved Stanford University i perioden 1956–61, før han flytta tilbake til MIT i 1967 som professor.

Kendall grunnlag òg Union of Concerned Scientists, ein forening som engasjerer seg i spørsmål innan alt frå global oppvarming og forureining til rakettforsvaret til USA og kjerneenergi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]