Herbert Kroemer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Herb Kroemer
Fødd 25. august 1928 (84 år)
Weimar i Tyskland
Bustad USA
Nasjonalitet Tysk
Amerikansk
Institusjonar Fernmeldetechnisches Zentralamt
RCA Laboratories
Varian Associates
University of Colorado
University of California, Santa Barbara
Alma mater Universitetet i Jena
University of Göttingen
Doktorgradsrettleiar Fritz Sauter
Doktorgradsstudentar William Frensley
Kjend for Elektroteknikk og anvendt fysikk

Herbert Kroemer (fødd 25. august 1928) er professor i data- og elektroteknikk ved University of California i Santa Barbara i USA. Han mottok ein doktorgrad i teoretisk fysikk i 1952 frå universitetet i Göttingen i Tyskland, med avhandlinga si om varme elektron-effektar i den nye transistoren. I 2000 vart Dr. Kroemer, saman med Zjores I. Alferov og Jack S. Kilby tildelt Nobelprisen i fysikk.

Han hadde tidleg suksess i eit ganske anna emne då han saman med Burgess og Houston i 1953 oppdaga ein matematisk feil i Nordheims teori om elektron-tunnelen gjennom biletstyrken med avrunda barriere som vert nytta i teorien i feltet om utslepp av elektron.

Herbert Kroemer arbeidde i fleire forskingslaboratorium i Tyskland og USA og underviste i elektroteknikk ved University of Colorado frå 1968 til 1976. Han slutta seg til UCSB-fakultetet i 1976.

Herbert Kroemer er medlem av National Academy of Engineering. Saman med Charles Kittel er han medforfattar av den populære læreboka Thermal Physics (Termisk fysikk på [[norsk|}} som vart publisert for første gang i 1980, og som framleis er i bruk i dag.

Kjelder [endre]